Sjukepleiar/vernepleiar med vidareutdanning i nyoppretta TSB poliklinikk i Bergen og Bjørgvin Fengsel
Avdeling for rusmedisin AFR, Helse Bergen HF
Steinestøvegen 401, 5109 BERGEN
10. april 2025
AF
Sjukepleiar/vernepleiar med vidareutdanning i nyoppretta TSB poliklinikk i Bergen og Bjørgvin Fengsel
Avdeling for rusmedisin AFR, Helse Bergen HF
HYLKJE
10. april 2025
About the position
Vil du vere med å starte opp ein ny TSB poliklinikk i Bergen og Bjørgvin Fengsel, då er dette rette staden for deg!
I samarbeid med kriminalomsorgen er vi i ferd med å opprettet ein TSB poliklinikk der vi søker etter sjukepleiar/vernepleiar med relevant vidareutdanning og erfaring, som vil vere med å bygge opp eit godt og tilpassa tilbod til målgruppa. Innsette har same krav til utgreiing og behandling som andre borgarar, og dette vil vere eit banebrytande tilbod nasjonalt.
Poliklinikken vil ha ansvar for LAR oppfølging, og vurdering om det er behov for avrusing ved innsetting. Poliklinikken vil gje tilbod til innsette som ønsker å nytte moglegheita til utgreiing av psykisk helse og starte opp med behandling i form av individualsamtalar og gruppetilbod. Kvinner og dei unge er grupper som er i behov av særskild oppfølging. Her treng vi din kompetanse til å utvikle eit differensiert og godt tilbod.
Forsking viser at innsette i fengsel er overrepresentert av personar med rusliding, sosiale- og psykiske utfordringar, så korleis kan vi bruke fengselet som endringsarena? Vi tenkjer at dette kan vere starten på eit vidare behandlingstilbod, og poliklinikken vil bidra til samhandling med 1 og 2. linjetenesta for vidare oppfølging etter lauslating.
AFR har ca 600 medarbeidarar og består av seksjon LAR, to ruspoliklinikkar, ein ambulant seksjon og fleire døgnseksjonar, både innan akutt- og planlagd behandling. Avdelinga er i ein spennande utvikling, mellom anna knytta til aukande differensiering av tenester for avhengigheitslidingar og fagleg integrasjon med Psykisk helsevern. Forskingseksjonen i AFR har fleire spennande forskingsprosjekt i LAR og deltar i den nasjonale følgeforskinga på HAB og forsking på substitusjon med amfetamin.
Bergen og Bjørgvin TSB poliklinikk er ein eigen sekjson, og vil av praktiske grunnar ligge under Avdeling for LAR. LAR har 120 tilsette og er fordelt på 5 poliklinikkar i ulike bydelar, samt HAB. Kvar seksjon er tverrfagleg samansett av psykolog, lege, sjuke- og vernepleiar og sosionom.
Bergen og Bjørgvin TSB poliklinikk har allereie tilsett seksjonsleiar, 2 sjuke- og vernepleiarar, overlege er tilknytt LAR, 2 psykologstillingar er under utlysning. I tillegg er der psykolog i Stifinneren i Bjørgvin fengsel som også vil bli knytta til poliklinikken. Det vil vere eit nært samarbeid med kriminalomsorgen i fengselet, sosionomavdelinga og helseavdeling samt Seksjon for fengselspsykiatri.
Sjuke- og vernepleiarstillingane går i turnus i utgangspunktet kvar 3 helg då poliklinikken har ansvar for utdeling av LAR legemiddel i samarbeid med kriminalomsorgen.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
About the company
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Title
Sjukepleiar/vernepleiar med vidareutdanning til poliklinikk i Bergen og Bjørgvin Fengsel
Start date
Engagement type
Fast
Sector
Offentlig
Extent
Heltid
Number of positions
1
Curious if you're earning right?
With Lønna's salary calculator, you can easily compare your salary level.

Related positions

Contact person
Contact person