MST-terapeut
MST Bergen team 1, Bufetat
Solheimsgaten 11, 5058 BERGEN
7. april 2025
MB
MST-terapeut
MST Bergen team 1, Bufetat
BERGEN
7. april 2025
kr 288 - 418
Per time
kr 50 000 - 72 500
Per måned
kr 600 000 - 870 000
Per år
Oppsummert av KI
Rapporter feilOm stillingen
Vil du ha ein fleksibel arbeidskvardag og vere med på å utgjere ein forskjell for ungdom og familiar, kan stilling som MST-terapeut vere noko for deg.
MST-teama i Bergen har ledig ei fast 100 % stilling og moglegheit for et 100 % årsvikariat som MST-terapeut. Eventuelt vikariat kan bli forlenga.
Stillingane er plassert i eining med andre avdelingar med totalt 4 MST team, 2 RFT team i Bufetat region vest. NUBU (Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge) leiar implementering av MST i Noreg og vil delta aktivt i tilsetjingsprosessen. Bufetat har eigne einingar som driv med multisystemisk terapi (MST), som er ein tidsavgrensa, familiebasert behandlingsmetode for ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. MST er ein evidensbasert metode, utvikla i USA. Terapeutane jobbar i heim, nærmiljø og skule med foreldre og ungdom, der ungdomen står i fare for å bli plassert utanfor heimen. Kvar terapeut jobbar med 3-5 familiar om gongen, i opptil fem månader. I løpet av ei arbeidsveke har du fleire treffpunkt med familiane du følgjer opp, samt møter med andre frå «laget rundt ungdomane» som skule, barnevern, psykisk helsevern osv.
MST er fleksible på møtetidspunkt, så det betyr at du innimellom må ha møter på ettermiddag/kveld. Til gjengjeld får du fleksibiliteten til å disponere tida di fritt, når du ikkje har møter. Arbeidsbelastninga per veke vil variere, og styres av kva som skjer i behandlingane. Eit MST-team består av tre-fire terapeutar og ein avdelingsleiar/rettleiar som er fagleg og administrativt ansvarleg for teamet. Behandlinga er tilgjengeleg for familiane 24 timar i døgnet, sju dagar i veka. Vakttelefon vil rullere mellom terapeutane. Tilgjengelegheit i rolla som terapeut er regulert gjennom eigen særavtale for MST og er godt økonomisk kompensert, i tillegg til ekstra fridagar.
Informasjon til deg som søkjer:
Søknad med CV sendast elektronisk via link på denne sida.
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
Tittel
MST-terapeut
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Nysgjerrig på om du tjener rett?
Med Lønnas lønnskalkulator kan du enkelt sammenligne lønnsnivået ditt.
Om stillingen

Relaterte stillinger

Kontaktperson
Kontaktperson