Sjukepleiar natt
Regionalt Traumesenter, Haukeland universitetsjukehus
Haukelandsveien 22, 5021 BERGEN
6. januar 2025
Om stillingen
Kirurgisk Post 4 skal styrke teamet med ny nattevaktsstilling i 50-80% stilling med arbeid 3-kvar helg. Som nattevakt vil du jobbe saman med erfarne sjukepleiarar som alle jobbar 3-delt turnus.
Kirurgisk post 4 er ein kirurgisk sengepost med pasientar frå to fagfelt, plastikkirurgi og karkirurgi. Sengeposten avlastar også Brannskadeavdelinga, så det er ein kompleks avdeling med stort spenn i diagnosar, pasientgrupper og sjukepleieprosedyrar. Arbeidsmiljøet er godt og vi legg til rette for fagleg utvikling for våre medarbeidarar. Sjukepleiarane tilhøyrer i utgangspunktet anten kar- eller plastikk-gruppa. Men, alle må kunne fungere på begge fagfelt, då behovet for personell på begge sider varierer. Vi har primærsjukepleie, samt ein teamleiar på kvar gruppe i vekedagar som har ansvar for legevisitt, samt å koordinere arbeidet innad i gruppa. På kvar vakt har vi også ein vaktleiar som har eit overordna ansvar for pasientflyt og bemanning, samt ansvar ved brann og beredskap. Vi har ein god blanding av elektive og ØH-pasientar. Nokre er kun innlagt i eit døgn, mens andre kan vere inneliggande i fleire veker.
Vanlege diagnosar og behandlingar vi utfører er;
Plastikk:
- Handskader av ulike slag (sirkelsag, klemskade etc) blir operert og behandla med daglege sårskift og antibiotika
- Malignt melanom; utredning og behandling. Sentinel node biopsy, axille- og bekkenglandeltoilette, utvida eksisjon av hudkreft
- Brystkirurgi; rekonstruksjon av bryst etter brystkreft med DIEP-lapp eller protese
- Diverse sårdefektar som krev kirurgisk dekning med til dømes muskellapp eller hudtransplantat
- Brannskadar; nye skadar som ikkje krev intensivbehandling. Også sekvelekirurgi
Kar:
- Trange blodårer i underekstremitetar; angiografi, kirurgisk fjerning av plakk i arteriar, bypassoperasjonar, amputasjonar
- Aneurismer; abdominalt aorta aneurisme, arteria poplitea aneurisme. Opereres opent eller endovaskulært
- Carotis stenosar
- Sår som skuldast dårleg blodsirkulasjon
- AV-fistlar hos dialysekrevande pasientar
Kirurgisk post 4 har eit ungt og inkluderande arbeidsmiljø med jamlege sosiale treff utanom arbeidstid. Dersom du er ute etter eit inkluderande arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling, så kan avdelinga vår vera noko for deg.
Det er ønskeleg med snarleg oppstart dersom mogleg.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Tittel
Sjukepleiar natt
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Deltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson

Relaterte stillinger

BERGEN
6. januar 2025