Jordmor - Kvinneklinikken
Serviceseksjon Psykisk helsevern, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 SUNNFJORD
20. februar 2025
Om stillingen
Føde, barsel og gynekologisk avdeling har ledig 100% fast stilling som jordmor. Oppstart snarast/etter avtale.
Ønskjer du faglege utfordringar og trivast i ein varierande men til tider hektisk kvardag? Då håpar vi du søkjer hos oss.
Her får du🦋
Kvinneklinikken i Helse Førde er ein kombinert føde, barsel og gynekologisk sengepost med rundt 850 fødslar i året. I tillegg til jordmødre jobbar det hjelpepleiarar/ barnepleiarar og sjukepleiarar i avdelingen.
Det er jordmor tilknytta UL-lab, fødepoliklikk, induksjonspoliklinikk, samtalepoliklinikk, barselpoliklinikk og ammepoliklinikk.
Vi tilbyr følgeteneste til dei gravide med lang reiseveg og ved overflytting til Haukeland Universitetssjukehus.
Avdelinga jobbar tett opp mot God Start einingane ved Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus. Dei tilbyr barselomsorg, svangerskap/barselpoliklikk og følgeteneste.
I september 2024 flytta vi inn i nytt bygg, LIVA ❤️ Her held vi til i 5 etg. med nydeleg utsikt, store flotte fødestover, einerom til alle og kort avstand til nyfødtintensiv.
Avdelinga har eit sosialt og fint miljø og vi er opptekne av trivsel på jobb.
Førde - din nye by🦋
Førde ligg sentralt til i tidlegare Sogn og Fjordane med tilgang til fantastisk vestlandsnatur. Her er gode moglegheiter for topptur både sommar som vinter, samt kort veg til kysten og båtliv. Ein by med eit rikt kulturtilbud,butikkar,resturantar og arrangementer.
Byen er sentralt plassert mellom Bergen og Ålesund, og Oslo er berre ein kort flytur unna.
Ta gjerne kontakt for spørsmål om stillinga, og kjekt om du vil bli ein del av vårt team!
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Tittel
Jordmor
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
2
Kontaktperson

Relaterte stillinger

FØRDE
20. februar 2025