Ph.d.-stipendiat i reservoarfysikk (CCS): Forseglingseigenskapar til sedimentære CO2-hydrat
Universitetet i Bergen
Christiesgt. 18, 5020 BERGEN
3 dager siden
kr 273 - 273
Per time
kr 47 392 - 47 392
Per måned
kr 568 700 - 568 700
Per år
Oppsummert av KI
Rapporter feilOm stillingen
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAInstitutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen søkjer kandidatar til ei stipendiatstilling i reservoarfysikk. Denne stillinga er ein del av NCS2030 CoolSeal-prosjektet, finansiert gjennom Nasjonalt senter for bærekraftig bruk av energiressurser på norsk sokkel (NCS2030). Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med moglegheit for eit fjerde år med karrierefremjande arbeid, som t.d. undervisningsoppgåver ved instituttet.
CO2-hydrat kan danne ein sekundær forsegling ved lagring av CO2-lagring i akviferar eller tomme olje/gassfelt. Denne forseglinga skjer når CO2, som er lettare enn vatn, migrerer oppover og til slutt kjem inn i stabilitetsområdet for CO₂-hydrat (t.d. gjennom permeabel lag, langs brønnbanar, eller forkastingar). Forsegling basert på hydrat kan vere ein viktig faktor for å redusere risikoen ved mange potensielle lagringsstader, der reservoaret og takberget ligg under eller i stabilitetsområdet. CoolSeal-prosjektet har som mål å predikere forseglingseigenskapane til CO2-hydrat i geologiske formasjonar gjennom eksperimentelt og numerisk arbeid som strekk seg over fleire skalaer.
Ph.d.-kandidaten vil arbeide i ei tverrfagleg forskingsgruppe med både eksperimentelle aktivitetar og numerisk modellering. Arbeidsoppgåvene til doktorgradsstipendiaten vil i hovudsak vere eksperimentelle, med gjennomføring av hydratforseglingsforsøk på poreskala og kjerneskala ved bruk av MRI. I tillegg skal kandidaten bidra med innspel til modellering og numeriske simuleringar. Ph.d.-kandidaten vil samarbeide med industripartnarar og ta aktiv del i eit større fagmiljø innan anvend forsking.
Erfaring frå ein eller fleire av følgjande område er ein fordel:
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Motivasjon, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Stipendperioden er på 3 år, med opning for eit 4. år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit 4. år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Søknaden og vedlegg med stadfesta omsetjing til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
For meir informasjon om stillinga, kontakt: professor Geir Ersland, Institutt for fysikk og teknologi, e-post: Geir.Ersland@uib.no eller professor Kundan Kumar, Institutt for matematikk, e-post: Kundan.Kumar@uib.no
For HR-relaterte spørsmål, kontakt HR-rådgjevar Thea Thingnes, e-post: thea.thingnes@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Tittel
Stipendiat i reservoarfysikk (CCS): Forseglingseigenskapar til sedimentære CO2-hydrat
Oppstart
Type engasjement
Åremål
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Om stillingen

Rapporter feilTittel
Stipendiat i reservoarfysikk (CCS): Forseglingseigenskapar til sedimentære CO2-hydrat
Oppstart
Type engasjement
Åremål
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Relaterte stillinger

BERGEN
3 dager siden