BK
Saksbehandlar arealplan
Bømlo kommune
BREMNES
19. mai 2025
Om stillingen
Er du oppteken av korleis me utviklar samfunnet rundt oss? Me ser etter ein engasjert saksbehandlar innan arealplan som vil bidra til berekraftige og gode løysingar for framtida.
Bømlo kommune har ledig 100% fast stilling ved eininga Arealbruk. Eininga er ein del av seksjon samfunnsutvikling, og er delt i fagområda arealplan, byggesak og deling, samt kart og oppmåling. Det er per i dag ti tilsette ved Arealbruk som jobbar tett saman på tvers av dei ulike fagområda. Tre av desse arbeidar på arealplan. Me held til i rådhuset sentralt på Bømlo.
I denne stillinga får du delta i små og store prosjekt og samhandle med frivillige organisasjonar, innbyggjarar så vel som utbyggjarar.
Me ser etter deg som engasjert og interessert i å vera med å utvikla kommunen vår, og som vert motivert av å samarbeida tverrfagleg.
Tilsetjing etter nærare avtale.
Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Andre opplysingar:
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunne skaffa anna dokumentasjon. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Lise Notland.
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Tittel
Saksbehandlar
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Nysgjerrig på om du tjener rett?
Med Lønnas lønnskalkulator kan du enkelt sammenligne lønnsnivået ditt.
Om stillingen
Er du oppteken av korleis me utviklar samfunnet rundt oss? Me ser etter ein engasjert saksbehandlar innan arealplan som vil bidra til berekraftige og gode løysingar for framtida.
Bømlo kommune har ledig 100% fast stilling ved eininga Arealbruk. Eininga er ein del av seksjon samfunnsutvikling, og er delt i fagområda arealplan, byggesak og deling, samt kart og oppmåling. Det er per i dag ti tilsette ved Arealbruk som jobbar tett saman på tvers av dei ulike fagområda. Tre av desse arbeidar på arealplan. Me held til i rådhuset sentralt på Bømlo.
I denne stillinga får du delta i små og store prosjekt og samhandle med frivillige organisasjonar, innbyggjarar så vel som utbyggjarar.
Me ser etter deg som engasjert og interessert i å vera med å utvikla kommunen vår, og som vert motivert av å samarbeida tverrfagleg.
Tilsetjing etter nærare avtale.
Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Andre opplysingar:
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunne skaffa anna dokumentasjon. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Lise Notland.
Relaterte stillinger

Kontaktperson
Kontaktperson