Fagbioingeniør ved Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar
Laboratorieklinikken / Avdeling for patologi, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 BERGEN
19. august 2025
Om stillingen
Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar har no ledig ei fast stilling som fagbioingeniør. Stillinga omfattar i hovudsak arbeid med rusmiddelanalysar, og inneber ein variert og utviklande arbeidskvardag med ansvar for drift og kvalitetssikring av avanserte analysar.
Du vil arbeide med metodar utvikla ved seksjonen og bruke instrument som LC-MS/MS, LC-QTOF-MS, LC-QTRAP-MS og GC-FID, i tillegg til moderne robotar for handtering og opparbeiding av prøvemateriale.
Seksjonen har 18 medarbeidarar, dette inkluderer 7 kjemikarar og 4 fagbioingeniørar. Vi har eit tett og godt samarbeid mellom faggruppene og eit arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og fagleg engasjement.
Analyserepertoaret omfattar meir enn 50 ulike legemiddel og over 40 rusmiddel. Kvart år analyserer vi om lag 30 000 legemiddelprøver og 25 000 rusmiddelprøver frå både sjukehuset sine pasientar og primærhelsetenesta. I tillegg til omfattande rutinedrift driv vi og forsking og utviklingsarbeid.
Seksjonen er ein del av Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), det største laboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga har om lag 370 tilsette fordelt på 12 analytiske og 4 ikkje-analytiske seksjonar, i tillegg til tre legegrupper (Medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og Klinisk farmakologi). Laboratoriet er akkreditert etter ISO-standard 15189.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Relaterte stillinger
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Tittel
Fagbioingeniør ved Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1

Kontaktperson