Sjukepleiar
Heimetenesta Nordfjordeid, Stad kommune
Rådhusvegen 11, 6770 STAD
To uker siden
Om stillingen
Vil du vere med og forme framtidas heimeteneste? Vi søkjer etter akkurat deg!
Heimetenesta har ledig fast 100 % stilling som offentleg godkjend sjukepleiar i todelt turnus frå 01.05.2025 i avdeling Nordfjordeid. Ved arbeid i avdelinga vil turnusen din bestå av arbeid både i ambulerande heimeteneste og teneste til bebuarar i bufellesskap. Stillinga er i hovudsak 100% men ønske om anna stillingsprosent kan vurderast.
Heimetenesta er ei av dei største einingane i Stad kommune og gir helsetenester til heimebuande i
heile kommunen.
Sjukepleiar i heimetenesta har ansvarsfulle faglege oppgåver, du vil kunne utvikle deg og få påverke. Vi søkjer deg som er innovativ, motivert for endring, interessert i velferdsteknologi , jobbar for kontinuerleg forbetring, og som kan bidra med nye idear og perspektiv i tenesteutviklinga.
Hjå oss blir du del av eit sterkt fagmiljø med kollegaer som støttar, utfordrar og heiar på deg. Du får bruke sjukepleiefagleg kompetanse i både avanserte prosedyrar og i det nære og relasjonelle arbeidet. Ingen dagar er like, men alle dagar er viktige!
Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag.
Er du i sluttfasen av sjukepleiestudiet? Start gjerne di utvikling som sjukepleiar hos oss.
For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre brukarar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilete og anbefalte behandlingsmetodar.
Vi ber om at attestar, vitnemål og relevante referansar vert lagt ved søknaden.
Stad kommune har seks månader prøvetid. Poitiattest skal leggast fram før start i stillinga. Aktuelle søkjarar må ha førarkort.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Ring oss gjerne for ein prat, så fortel vi meir!
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/
Tittel
Ledig stilling som sjukepleiar i Heimetenesta avd. Nordfjordeid
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson

Relaterte stillinger
Sjukepleiar
Heimetenesta Nordfjordeid, Stad kommune
NORDFJORDEID
To uker siden