SFO-leiar og assistent i skulen- 70% fast
Øyfjell oppvekstsenter, Vinje kommune
Øyfjellvegen 928, 3890 VINJE
Tre uker siden
Om stillingen
Øyfjell oppvekstsenter er organisatorisk sett ein kombinert barnehage og barneskule, som ligg i vakre Vinje kommune. Øyfjell er ei levande bygd med mykje aktivitet, der barnehage og skule er ein viktig del av lokalmiljøet. Både barnehage og skule har nærleik til flott natur, og brukar nærområdet mykje til aktivitetar og turar. Me har store og fine uteområde til leik og læringsaktivtetar, og har mellom anna skulehage, ljosløype, ballbinge, gapahuk og grillhytte. Me er omlag 20 barn i barnehagen og 42 elevar i skulen.
Me ynskjer oss tilsette som er tydelege, inkluderande, engasjerte og som har hjarte for arbeid med barn og unge. Me legg stor vekt på trygt og inkluderande læringsmiljø, der både barn og tilsette kan trivast og utvikle seg.
Har du lyst til å vere med å utvikle arbeidet ved Øyfjell oppvekstsenter, vil me gjerne ha deg med på laget vårt i skulen.
Velkomen som søkjar!
Om ynskjeleg kan ein kombinere stillinga med vikartimar ved behov.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Om bedriften
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Tittel
SFO-leiar og assistent i skulen- 70% fast
Oppstart
2025-08-01
Type engasjement
Fast
Sektor
Ikke oppgitt
Omfang
Deltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson

Relaterte stillinger
ØO

VINJE
Tre uker siden