Vil du jobbe i landets mest spennande fagmiljø for ungdom i fengsel (turnuspersonell)
Agder fengsel
Sanitetsstien 7, 4735 EVJE OG HORNNES
To uker siden
kr 229 - 275
Per time
kr 39 667 - 47 750
Per måned
kr 476 000 - 573 000
Per år
Oppsummert av KI
Rapporter feilOm stillingen
Agder fengsel, Evje avdeling skal bli Noregs største soningsinstitusjon for mindreårige. Frå og med slutten av 2025 skal avdelinga kunne ta imot inntil 11 mindreårige til soning. Avdelinga vil kunne tilby tre ulike soner med både høg og låg sikring, der det er mogleg å differensiere tilbudet til ungdommane ut frå behovet for den enkelte. Tilbudet vi skal gi, skal være i tråd med FNs barnekonvensjon sine føringar.
Agder fengsel består av 4 lokasjonar: Froland avdeling (200 plassar for menn - høg sikring), Mandal avdeling (100 plassar for menn - høg sikring), Solholmen overgangsbolig i Kristiansand (15 plassar) og Evje avdeling (11 plassar for mindreårige 15-18 år). Agder fengsel vil ha omlag 400 tilsette fordelt på desse lokasjonane. Ca 70 av desse på Evje.
Vi etablerer eit særs spennande fagmiljø, der fokus er høg kompetanse og trygge rammer for ungdom med fokus på god omsorg og god rehabilitering.
Dette gjer at vi er på jakt etter motiverte tilsette med ulik fagleg bakgrunn: Fengselsbetjentar, vernepleiarar, barnevernspedagogar, sosionomar, pedagogar. Annan bachelorkompetanse kan være relevant ut frå ei konkret vurdering av utdanning og praksis. Også søkjarar med vidaregåande utdanning og relevant erfaring kan søke.
Felles for alle, er at ein inngår i 3-delt turnusarbeid (dagtid, kveld, natt) med tett oppfølging av ungdom 15-18 år som sonar ubetinga fengselstraffer, har forvaringsdommar eller er i varetekt. Kriminalomsorgen har heimel til å utøve ulike makttiltak, og alle turnustilsette må gjennomgå sikkerhetsopplæring og opplæring i fysisk maktanvendelse. Både fengselsutdanna og anna turnuspersonell inngår i vaktlag.
Vi har i dag rundt 30 personar i turnus og skal truleg totalt oppbemanne med 30 turnus-årsverk til gjennom 2025, alle stillingane er faste og i 100% stilling.
Fengselsutdanna personell blir tilsett i kode 0264 fengselsbetjent. Personell med anna bachelorkompetanse blir tilsett i kode 1201 miljøterapeut.
I det praktiske er stillingsinstruks, myndighetsområde og arbeidsoppgåver nokså likt for desse kodane. Arbeidsinnhaldet er å vere ein god og trygg samtalepartnar, ein trygg grensesettar, ein god medspelar knytt til miljøterapeutisk arbeid og progresjonsarbeid og ein tydeleg omsorgsperson. Ein må ha evner til å planlegge og gjennomføre endringsarbeidet saman med ungdommen, ein må være ein god rollemodell og ein god støttespelar. Ein arbeider tett i team rundt den enkelte innsatte, og må kunne være ein lagspelar og ein tydeleg støttespelar også for kollegaene sine. Også der det er naudsynt med bruk av maktmiddel, og ellers i krevjande situasjonar.
For personell utan bachelorkompetanse, kan stillingskode 0808 miljøterapeut benyttast.
I det praktiske vil 0808 miljøterapeut inngå i team som øvrig personell, med same krav som stillast til ulikt miljøretta arbeid, progresjonsarbeid og sikkerhetsarbeid.
Evje UE har i vår starta opp med 4 fengselsplassar, og skal ha denne kapasiteten ut året. Først frå januar 2026 vil kapasiteten vere 11 plassar, etter ei gjennomført ombygging av fengselet. Søkarar som blir tilsett i denne prosessen er pårekna å starte opp på Evje mot slutten av året. Kandidatar som ynskjer å starte opp før dette, vil ha gode høve til dette men då i ei av Agder fengsel sine øvrige avdelingar. Mest aktuelt er Mandal og Froland avdeling, som begge er høg sikrings-fengsel for menn. Naudsynt opplæring blir gitt.
Bestått opplæring i fysisk maktanvendelse (FM) er ein føresetnad for arbeid i alle våre avdelingar. Det blir også fysisk funksjonstest, som må bestås, før intervju. Informasjon om testen vert sendt ut saman med innkalling til intervju.
Søknadsfrist er 16. november 2025.
Vi vurderer søknader fortløpande, med planlagde vurderingspunkt 17. august, 30. september og 16. november.
Søkjarar som har sendt inn søknad innan desse datoane, vil bli vurderte i etterkant, og aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Alle søknader blir vurderte uavhengig av når dei kjem inn i perioden.
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Stillingskode 0264
Du må ha
Det er ønskjeleg at du har
Stillingskode 1201
Du må ha
Det er ønskjeleg at du har
Stillingskode 0808
Du må ha
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Søknad og CV blir send elektronisk via linken "søk stillinga" på denne sida. Fullstendige opplysningar om relevant utdanning og arbeidserfaring må fyllast inn i det elektroniske skjemaet. Vitnemål og attestar må følgje med søknaden. Ved manglande dokumentasjon, kan søknaden utebli frå vurdering. Me ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer stillinga. Utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjend, eller tilsvarande.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Søknadane behandlast fortløpande, svar kan ikkje forventes før etter sommarferien.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til stadleg leiar Ragnhild Nomeland tlf. 99496504.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Om bedriften
Kriminalomsorgens samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjoner på en måte som er betryggende for samfunnet og som motvirker straffbare handlinger. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velge å leve et kriminalitetsfritt liv.
Vår visjon er «Straff som endrer» og våre verdier er: trygghet, åpenhet og nytenking som er førende for vår atferd og som organisasjon. Les mer om vår virksomhetsstrategi her.
Kriminalomsorgen består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Kriminalomsorgens høyskole og utdanningssenter (KRUS) og fem regioner med cirka 60 lokale fengsler og friomsorgskontor.
Region sørvest omfatter fengsler og friomsorgskontor i Rogaland og Agder. Regionadministrasjonen ligger i Sandnes.
Agder fengsel består av fire lokasjoner: Froland avdeling (200 plasser for menn – høy sikkerhet), Mandal avdeling (100 plasser for menn – høy sikkerhet), Solholmen overgangsbolig i Kristiansand (15 plasser), og Evje avdeling (11 plasser for mindreårige i alderen 15–18 år). Agder fengsel har om lag 400 ansatte.
Agder fengsel er det første fengslet i Norge bygget etter standardiseringen og skal tilby innsatte og ansatte moderne digitale hjelpemidler i hverdagen. Enheten drives etter normalitetsprinsippet og har aktivitetsplass for samtlige innsatte. Fengselsundervisningen skal ha det bredeste utdanningstilbudet i landet. Agder fengsel sin visjon er "Med fokus på fremtiden" og våre verdier er; åpenhet, trygghet og nytenking.
Tittel
Basisbemanning - miljøterapeutar og fengselsbetjentar i turnus
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
30
Kontaktperson
Om stillingen

Rapporter feilTittel
Basisbemanning - miljøterapeutar og fengselsbetjentar i turnus
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
30
Kontaktperson
Relaterte stillinger
AF

EVJE
To uker siden