Vil du vere strategisk leiar hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal? Vi søker ein strategisk og utviklingsorientert leiar til stillinga som områdedirektør for verksemdsområdet sosial berekraft.
Du rapporterer til embetsleiinga og inngår i den strategiske leiargruppa. I rolla får du ei viktig oppgåve i å følgje opp nasjonal politikk i fylket og bidra til å utvikle ei moderne, effektiv og framtidsretta forvaltning.
Verksemdsområdet sosial berekraft omfattar fem seksjonar: helse, rettstryggleik i omsorg, verjemål, utdanning og sosial og familie.
Som områdedirektør har du overordna ansvar for resultat, leiing og utvikling av området.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- Leie fagleg og strategisk arbeid på tvers av fagområda i verksemdsområdet og i embetet
- Leie fem underdirektørar og om lag 70 medarbeidarar
- Sikre måloppnåing i tråd med tildelingsbrev og strategiar
- Følgje opp nasjonal politikk og styringsdialog
- Initiere og leie utviklingsarbeid
- Representere embetet eksternt
- Bygge gode relasjonar og leggje til rette for god kommunikasjon og eit trygt og utviklande arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
For å lukkast i rolla ser vi etter deg som
- har relevant høgare utdanning frå høgskole/universitet på masternivå. I særskilte høve kan manglande formell utdanning kompenserast med lang og relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning på høgskule/universitetsnivå. Leiarutdanning er ønskeleg.
- har minst fem års leiarerfaring, gjerne innan offentleg forvaltning
- kan vise til gode leiareigenskapar og dokumenterte resultat
- er motivert av Statsforvaltaren sitt samfunnsoppdrag og ser heilskap i komplekse utfordringar
- har relevant erfaring med endringsarbeid og strategiske prosessar
- har svært god munnleg og skrifteleg framstillingsevne på norsk. Vi nyttar hovudsakleg nynorsk som skriftspråk.
Du må kunne tryggleiksklarerast til «HEMMELIG» før tiltreding. Sjå
www.nsm.no for meir informasjon. Førarkort klasse B er ein føresetnad.
Personlege eigenskapar og leiarskap
Vi ser etter deg som
- er ein tydeleg og samlande leiar som utviklar underdirektørane og medarbeidarane
- har gode samarbeidsevner, kommuniserer godt og byggjer relasjonar internt og eksternt
- er strategisk, strukturert og resultatorientert
- har god gjennomføringsevne og evnar å prioritere og ta avgjerder i komplekse situasjonar
- utøver leiarskap med engasjement, openheit og integritet
Personlege eigenskapar blir vektlagde. Du må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.
Leiarskapet skal byggje på statlege leiarprinsipp og Statsforvaltaren sine verdiar: engasjert, rettferdig, open og kompetent. Du er til stades, lyttande og gir ansvar og handlingsrom, handterer konfliktar på ein god måte og gir konstruktive tilbakemeldingar.
Vi tilbyr
- ei sentral leiarstilling med stor påverknadskraft
- ei viktig rolle i den strategiske leiinga av embetet
- gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- eit utviklande og godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
Løn og vilkår
- Løn (kode 1060) frå kr 1 175 000 til kr 1 300 000 etter kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønnspolitikk.
- Stillinga er definert som fri og uavhengig og er ikkje omfatta av fleksitidsordninga i staten.
- Tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement, med seks månaders prøvetid
- Medlemskap i Statens pensjonskasse. Vi trekker 2 prosent av løna di og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. SPK har gode pensjons-, forsikrings- og lånevilkår (https://spk.no)
- Høve til å trene i arbeidstida
Meir informasjon
Bli betre kjent med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal:
https://www.statsforvalteren.no/more-og-romsdal/.
Les meir om vilkår i staten på Arbeidsgiverportalen:
https://arbeidsgiver.difi.no/lonn-goder-og-reise Mangfald
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (
https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling).
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.
Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og arbeidserfaring i kandidatprofilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er nødvendig for at vi skal kunne vurdere søknadar frå deg og for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.
Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter henter du frå vitnemålsportalen om mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.
Om oss
Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».
Kontaktinformasjon
Rekrutteringsfirma Capus:
peder.lund@capus.no, mobil 977 35 088
Ass. statsforvaltar Rigmor Brøste:
rigmor.broste@statsforvalteren.no, mobil 926 59401
Søknadsfrist: 13.08.2026