Ledige stillingar som lærar ved Selje skule
OPPVEKST OG OPPLÆRING, Stad kommune
Fv618 169, 6740 STAD
To måneder siden
Om stillingen
Har du lyst til å bli ein del av teamet på Selje skule? Då må du ta kontakt!
Vi har to ledige stillingar som lærar frå 01.08.2025.
Selje skule er ein 1-10 skule, som ligg i Selje sentrum. Skulen vil skuleåret 2025-2026 ha ca. 150 elevar. Vi er opptekne av at alle elevane ved skulen skal trivast og tilhøyre fellesskapet. Dei tilsette er positive til utvikling og arbeider tett saman i team i eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.
Meir informasjon om Selje skule finn du på nettstaden www.stad.kommune.no.
I Stad kommune jobbar vi etter BTI-modellen, betre tverrfagleg innsats. Det vert forventa at alle som jobbar med gravide, barn, unge og foreldre, jobbar etter denne samhandlingsmodellen. Du kan lese meir om den her.
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/
Tittel
Ledige stillingar som lærar ved Selje skule
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
2
Kontaktperson

Relaterte stillinger

SELJE
To måneder siden