AK
Klubbmedarbeidar
Aurland kommune
AURLAND
15. juni 2025
Om stillingen
Me har ledig 40% fast stilling som klubbmedarbeidar ved fritidsklubben frå 01.08.2025.
Fritidsklubben held til like ved Aurlandshallen, og har tre tilsette. For dei yngste frå 5. - 7. trinn har vi aktivitetsklubb på onsdagar og på fredagar er det klubb for 8. trinn til 18 år. Tysdagar er det leksehjelp for alle i målgruppa til fritidsklubben. Fritidsklubben har store og romslege lokale med mellom anna gamingrom med Xbox og Playstation5, biljard, bordtennis og airhockey, samt dansegolv og hobbyrom. Fritidsklubben nyttar og uteområda både på skulen og Aurlandshallen til aktivitetar.
Fritidsklubben er organisert i kommunalområde oppvekst, som ei avdeling under Aurland barne- og ungdomsskule (Abu). Fritidsklubben er ein ungdomsstyrt og uformell møteplass som skal samhandle tett med øvrige avdelingar i avdelinga.
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbIDu må ha interesse for, og like å jobbe med, born og unge. Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
I tillegg ynskjer vi at du er:
Aurland kommune er i stadig utvikling, og det blir venta at klubbmedarbeidaren bidreg aktivt til utvikling og arbeid på tvers av avdelingane.
Våre verdiar er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Du må kunne kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Om bedriften
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vere Noreg si fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1 830 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.
På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal, Tyin og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.
Tittel
Klubbmedarbeidar
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Deltid
Antall stillinger
1
Nysgjerrig på om du tjener rett?
Med Lønnas lønnskalkulator kan du enkelt sammenligne lønnsnivået ditt.

Relaterte stillinger

Kontaktperson
Kontaktperson