Stipendiat i standardisering av programmeringsspråk
Universitetet i Bergen
Thormøhlensgate 55, 5006 BERGEN
4 dager siden
kr 273 - 273
Per time
kr 47 392 - 47 392
Per måned
kr 568 700 - 568 700
Per år
Oppsummert av KI
Rapporter feilOm stillingen
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i standardisering av programmeringsspråk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.
Den rette kandidaten skal arbeide med utforming og implementering av eit verktøy for språkutvikling som støttar spesifikasjon og vidareutvikling av større programmeringsspråk. Verktøyet skal leggje til rette for ulike aspekt ved språkutvikling, som utarbeiding og vedlikehald av formelle spesifikasjonar, validering og vidareutvikling av grammatikk, samt betre navigasjon i spesifikasjonsdokument. Kandidaten vil vere involvert i både den konseptuelle utforminga og den tekniske realiseringa av desse funksjonalitetane.
Alle tilsette vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet. Alle stipendiatar ved instituttet vert medlem av forskarskulen vår i IKT som gjev moglegheit å treffe stipendiatar på tvers av forskingsretningane. Skulen har årlege samlingar, månadlege lunsjar og tilbod om kurs innan vitskapeleg skriving og søknadsskriving. I tillegg til å arbeide mot å oppnå ph.d.-graden i løpet av tilsetjingsperioden, kan du bidra innan undervisning, formidling og andre oppgåver for instituttet i 25% av arbeidstida di som eit
karrierefremjande tiltak.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga: Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Førsteamanuensis Mikhail Barash, professor II Jaakko Järvi eller førsteamanuensis Anya Bagge.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR rådgjevar Karoline Christiansen på karoline.christiansen@uib.no og +47 55 58 47 70.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Tittel
Stipendiat i standardisering av programmeringsspråk
Oppstart
Type engasjement
Åremål
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson
Om stillingen

Rapporter feilTittel
Stipendiat i standardisering av programmeringsspråk
Oppstart
Type engasjement
Åremål
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson
Relaterte stillinger

BERGEN
4 dager siden