Barne- og ungdomsarbeidar/ assistent i skule og SFO
Eidet skule, Haram kommune
Vatnevegen 41, 6265 HARAM
22. mai 2025
ES
Barne- og ungdomsarbeidar/ assistent i skule og SFO
Eidet skule, Haram kommune
VATNE
22. mai 2025
Om stillingen
Har du lyst å vere med og arbeide som barne- og ungdomsarbeidar/ assistent på Eidet skule og SFO i Haram kommune? Vi søkjer etter ein tilsett til 100% stilling. Stillinga følgjer vanleg arbeidsår. Eidet skule er ein flott og heilt ny skule med omlag 410 elevar frå 1. til 10. trinn og om lag 120 barn på SFO. Oppstart for skulen er i august 2025. Skulen ligg fint til mellom bygdene Vatne og Tennfjord ved foten av Ramnfloget med Eidet kulturhall og Ravn Stadion som næraste naboar. Vi har flotte fasilitetar med topp moderne undervisningslokale, spesialrom til alle fag, gode arbeidsrom, 1-1 dekning med IPad/PC, elevkantine, amfi og bibliotek.
I det komande skuleåret vil vi fokusere på å skape ein trygg og inkluderande skule som opnar dører mot verda og framtida for elevane våre. Det er tett samarbeid mellom skule og SFO. Vi ønskjer å skape ein skule som er ein nær del av lokalsamfunnet og som elevar, tilsette og føresette er stolt over å vere ein del av.
I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode, og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Tittel
Barne- og ungdomsarbeidar/ assistent i skule og SFO
Oppstart
2025-08-01
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Nysgjerrig på om du tjener rett?
Med Lønnas lønnskalkulator kan du enkelt sammenligne lønnsnivået ditt.
Om stillingen
Har du lyst å vere med og arbeide som barne- og ungdomsarbeidar/ assistent på Eidet skule og SFO i Haram kommune? Vi søkjer etter ein tilsett til 100% stilling. Stillinga følgjer vanleg arbeidsår. Eidet skule er ein flott og heilt ny skule med omlag 410 elevar frå 1. til 10. trinn og om lag 120 barn på SFO. Oppstart for skulen er i august 2025. Skulen ligg fint til mellom bygdene Vatne og Tennfjord ved foten av Ramnfloget med Eidet kulturhall og Ravn Stadion som næraste naboar. Vi har flotte fasilitetar med topp moderne undervisningslokale, spesialrom til alle fag, gode arbeidsrom, 1-1 dekning med IPad/PC, elevkantine, amfi og bibliotek.
I det komande skuleåret vil vi fokusere på å skape ein trygg og inkluderande skule som opnar dører mot verda og framtida for elevane våre. Det er tett samarbeid mellom skule og SFO. Vi ønskjer å skape ein skule som er ein nær del av lokalsamfunnet og som elevar, tilsette og føresette er stolt over å vere ein del av.
I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode, og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Relaterte stillinger

Kontaktperson
Kontaktperson