Fagleiar Menneskehandel og vikariat som etterforskar
Stab for kommunikasjon, Møre og Romsdal politidistrikt
Nedre Strandgate 50, 6005 ÅLESUND
Over en måned siden
kr 240 - 351
Per time
kr 41 667 - 60 833
Per måned
kr 500 000 - 730 000
Per år
Oppsummert av KI
Rapporter feilOm stillingen
Interesserer du deg for å jobbe med grenseoverskridande kriminalitet som krev eit våkent blikk på etterretning, førebyggande arbeid i tillegg til etterforsking av større saker? Då kan dette vere stillinga for deg!
Vi har ledig ei fast stilling som fagleiar innanfor fagområdet menneskehandel i tillegg til eit vikariat som etterforskar på samme fagområde. Vikariatet varar i åtte mnd. med moglegheit for forlenging.
Arbeid med fagområdet krev ei brei samhandling med nasjonalt nettverk og internasjonale aktørar. Straffesakene blir sjeldan meldt av offera og politiet må sjølv initiere dei gjennom aktiv bruk av dei metodane som politiet kan ta i bruk. Etterforsking av den grenseoverskridande kriminaliteten krev tidvis høgt tempo og evne å ta tidskritiske avgjerder.
Fagleiar vil delta i politidistriktet sitt formaliserte akrim-samarbeid kor andre eksterne samarbeidsaktørar som Arbeidstilsynet, Skatteetaten og NAV deltar. AKRIM-arbeid har i mange tilfelle same utfordringsbilete og aktørar som saker innafor menneskehandelområdet.
I stillinga som fagleiar vil du ha fagansvar for nedkjemping av menneskehandel i politidistriktet, herunder ansvar for fagleg oppdatering og metodeutvikling. Dette inneber også ansvar for å drive intern opplæring i politidistriktet. I stillinga er det viktig å etablere eit godt samarbeid med andre einingar i politidistriktet, og det vil vere eit særleg behov for å drive intern opplæring og bygge fenomenkunnskap hos medarbeidarar i heile politidistriktet.
Som etterforskar vil du jobbe i team med fagleiar, i tillegg til å bidra inn i andre saker som avsnittet har ansvar for.
Arbeidspresset er i periodar høgt og ein arbeider med krevjande og komplekse straffesaker. Du vil jobbe mykje prosjektbasert og bidra inn i alle fasar av saka. Noko av arbeidstida vil gå til å drive intern opplæring innan fagområdet menneskehandel hos andre medarbeidarar i politidistriktet.
FEFE består av fire seksjonar, men vil frå 1. juni opprette ein ny, midlertidig seksjon "Seksjon for Spesiell etterforskning", kor fagområda organisert kriminalitet / kriminelle nettverk, øko- og miljøetterforsking og internasjonalt politiarbeid vil vere organisert. Fagområdet menneskehandel ligg til avsnitt for etterforsking av økonomi- og miljøkriminalitet. Stillinga er stadsplassert i Ålesund. Vi oppfordrar kvinner til å søkje på politileiarstillingar.
For fagleiar:
For etterforskar
For fagleiar menneskehandel:
Nødvendig:
Ønskeleg:
For etterforskar gjeld:
Nødvendig:
Ønskeleg:
For begge stillinger gjeld krav om plettfri vandel og at ein er skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
For fagleiar ser vi i tillegg for oss at du evner å motivere og utvikle andre, har god gjennomføringsevne og skapar resultat i samhandling med andre.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.
Om bedriften
Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 270 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det.
Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.
Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.
Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.
Tittel
Fagleiar Menneskehandel og vikariat som etterforskar
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
2
Kontaktperson
Om stillingen

Rapporter feilTittel
Fagleiar Menneskehandel og vikariat som etterforskar
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
2
Kontaktperson
Relaterte stillinger

ÅLESUND
Over en måned siden