Ferievikar 2025 - vikar for LIS 2/3 kirurgi og ortopedi
Kirurgisk sengepost Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1, 6100 VOLDA
To måneder siden
Om stillingen
Har du lyst på arbeid som ferievikar, der du kan kombinere fagleg utviklling med flotte naturopplevingar på Sunnmøre? Då er Volda sjukehus rette staden for deg.
Vi har ledig ferievikariat som LIS 2/3 kirurugi og ortopedi f.o.m. veke 26 t.o.m. veke 33.
Volda sjukehus er lokalsjukehuset for kommunane på Søre Sunnmøre og dekkjer eit nedslagsfelt med omlag 50 000 innbyggjarar, i tillegg til pasientar får nordre delar av Vestland fylke. Sjukehuset har akuttfunksjon og vaktfunksjon innan medisin, kirurgi, ortopedi, gynekologi, anestesi og radiologi.
Stillinga er felles for ortopediske og kirurgiske legar. LIS 2/3 går fellesvakt ortopedi og gastrokirurgi med bakvakt.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Personlege eigenskapar vil verte vektlagde.
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Tittel
Ferievikar 2025 - vikar for LIS 2/3 kirurgi og ortopedi
Oppstart
2025-06-23
Type engasjement
Feriejobb
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
3
Kontaktperson

Relaterte stillinger

VOLDA
To måneder siden