Miljøpersonell knytt til klassar
Stend Vgs
Fanavegen 249, 5244 BERGEN
To måneder siden
Om stillingen
Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan Naturbruk, Idrettsfag, Sal service og reiseliv, Påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 190 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde elev skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Stend vidaregåande skule har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan Yrkesfagleg grunnutdanning, Arbeidstrening og Kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak
Skulen har ein samansett elevgruppe med stort mangfald. Arbeidsoppgåvene er stort sett knytt til elevar/klassar på yrkesfag. Ein vil delta på avdelingsmøter YF, klasselæraråd og morgonmøter.
Stillingane er lagd til skulen si elevteneste.
Følje opp elevar/gruppar av elevar/klassar gjennom skulekvardagen.
Vere til stades i opplæringa som ei støtte for elev(ar).
Vere med på oppstartsturar og andre elevturar saman med klassene.
Arbeidsoppgåvene vil kunne variere gjennom skuleåret både med tanke på innhald og tilknytting til ulike avdelingar.
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Tittel
Miljøpersonell knytt til klassar
Oppstart
2025-08-01
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Deltid
Antall stillinger
2
Kontaktperson

Relaterte stillinger
SV
Miljøpersonell knytt til klassar
Stend Vgs
FANA
To måneder siden