Helsefagarbeider 100% fast stilling
Sveio kommune
Sveiogata 70, 5550 SVEIO
To måneder siden
Om stillingen
Om stillinga
Vi søkjer etter ny kollega til Sveio omsorgssenter - 100 % fast stilling som helsefagarbeidar.
Me er ein kommune som driv etter LEAN/KF prinsipp, kor me jobbar for å bli litt betre kvar dag. PLO er no inne i ein prosess der me ser på
korleis me som kommune kan gjere morgondagens helse- og omsorgstenester betre for dei som mottar tenester.
Omsorgssenteret er prega av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til våre brukarar. Dei siste åra er fleire av sjukehusets oppgåver blitt overført til kommunen. Dette resulterer i ein spennande arbeidskvardag, fylt med prosedyrar og utfordringar. På natt har me eit felles team, som server både Sveio Omsorgssenter og heimetenesta i kommunen. Me tar godt i mot nytilsette, og du skal få ei god opplæring. Er du nyutdanna, legg me til rette for ein god oppstart. Me er opptatt av at du trivest og føler deg trygg i eininga.
Sveio omsorgssenter har tre avdelingar med til saman 41 plassar. Vestbakken: Lindrande, korttid, rullerande og rehabilitering. Utsikten:
Somatisk avdeling og demensgruppe. Sørbakken: Demensavdeling. Ved alle avdelingane er det per dags dato langtidsplassar.
Sjå gjerne på vår Instagramkonto;# SveioOmsorgsenter med flotte bilete av kvardagen hjå oss.
Arbeidsoppgåver
- Varierte oppgåver og stor variasjon i behandling
- Pådrivar for å legge til rette og bidra til at brukerane skal oppleva tryggleik og meistring
- Gje heilskapleg omsorg, inkludert personleg hygiene, påkledning, forflytting og trening.
- Iverksetje førebyggjande og behandlande tiltak innan eige ansvars- og kompetanseområde.
- Planleggje og gjennomføre miljøretta tiltak og aktivitetar for å fremje pasienten si meistringskjensle og livskvalitet.
- Bruke elektronisk pasientjournal og dokumentere forhold om pasienten og kva helsehjelp som blir gitt.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Erfaring frå arbeid på sjukeheim er ynskjeleg.
- Tilfredsstillande politiattest, etter gjeldande lovverk.
- Norsk er arbeidsspråk i Sveio kommune. Du snakker, leser og skriv så godt at du både kan samarbeide med andre og utføre arbeids oppgåvene dine sjølvstendig
Personlege eigenskapar
- Har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
- Lojal, punktlig og pliktoppfyllande
- Fokus på kvalitet i tenesta
- Du har gode holdningar og verdiar som set pasientane i fokus
- Fleksibel og løysningsorientert
- Ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og ein god læreplass for elevar og studentar
Vi tilbyr
- En lærande arbeidsplass med fokus på forbetringsarbeid
- Mulighet for vidareutdanning
- Godt fagleg arbeidsmiljø med fokus på arbeidsnærvær
- Gode høve for fagleg og personleg utvikling
- Faste sosiale arrangement
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
- Lønsvilkår: Etter gjeldande lov- og avtaleverk
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.
Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Tittel
Helsefagarbeider 100% fast stilling
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson

Relaterte stillinger