ID 2318 Helsefagarbeidar natt - Eining for habilitering
Stord Kommune
, STORD
To måneder siden
Om stillingen
Sæbøhaugen bustadar er fleire samlokaliserte bustadar der det vert ytt tenester til vaksne personar med nedsett funksjonsevne.
Sæbøhaugen bustadar har til saman fire nattevakter, to vakne og to kvilande, som samarbeider på tvers av husa. Denne stillinga har sin base i Sæbøhaugen C.
Avdelinga er organisert i Eining for habilitering som har hovudkontor ved Stord kommunanle rehabiliteringssenter på Leirvik, men Sæbøhaugen bustadar ligg i Sæbøløkjen, om lag 10 minutt frå sentrum.
Sæbøhaugen bustadar har frå 01.07.25 ledig 77% fast stilling som kvilande nattevakt.
Stillinga har arbeid i snitt kvar fjerde helg. Stillinga har kviletid på natt med avlønning 1:3 og løn vert tilsvarande ein 51,8% vaken stilling.
Stillinga har arbeidstid frå 21.15 til 09.00, der det er aktiv tid fram til midnatt, og frå kl. 06.00. Timane mellom 00.00 og 06.00 er kvilande.
Arbeids- og ansvarsområde:
I aktive timar er tilsett med på kveldsrutinar og morgonrutinar for bebuarane, saman med dei andre tilsette. I kvilande timer kan ein sova på eige rom, og vil bli vekt dersom det skulle vere naudsynt.
Kvalifikasjonskrav:
Autorisert helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar eller assistent med relevant erfaring. Stilling som kvilande natt kan eigna seg godt for studentar innan helsefag.
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato
Me kan tilby:
Godt arbeidsmiljø
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentleg tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Avdelingsleiar Tonje Halstensen Brørvik, tlf 984 74 607 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 975 52 097
Om bedriften
Stord er ein stolt industrikommune i Vestland med over 19 000 innbyggjarar "ein liten by for det heilt store".
Kommunen ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og er regionsenter i Sunnhordland. Me har høge ambisjonar som ein attraktiv og klimavenleg vekstkommune, og arbeider under visjonen "Saman om utvikling og velferd".
Tittel
Helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeider, assistent
Oppstart
Etter avtale
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Deltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson

Relaterte stillinger