HR-rådgjevar
Medisinsk Serviceseksjon Førde, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 SUNNFJORD
5. januar 2025
Om stillingen
HR-rådgjeving er ein av fem seksjonar i HR-avdelinga. HR-rådgjeving yter leiarstøtte og har systemansvar innan personal og HMS. Seksjonen består i dag av seksjonsleiar,
tre HR-rådgjevarar, ein forhandlingssjef, to juristar/advokat og ein HMS-rådgjevar. Frå våren 2025, også ei prosjektstilling knytt til nærværsarbeid.
Vi har ledig 100% fast stilling som HR- rådgjevar med vekt på rekruttering. Stillinga vil vere to-delt: 50% implementering og vidareutvikling av Helse Førde sin rekrutteringsstrategi og 50% anna HR-rådgjeving. Vi søkjer etter ein fagleg dyktig, engasjert og utviklingsorientert medarbeidar. Vi tilbyr eit sterkt fagmiljø og engasjerte kollegaer.
I Helse Førde arbeider vi kontinuerleg med å utvikle og forbetre oss slik at vi kan levere best mogelege tenester til innbyggarane våre. For å få dette til, treng vi kompetente og motiverte medarbeidarar. Dei medarbeidarane vi rekrutterer no, og dei medarbeidarane vi beheld, skapar framtida til Helse Førde. Les meir om Helse Førde HF.
Er du den som er god på å drive dette viktige arbeidet?
Førde er administrasjonssenter i Sunnfjord kommune og er den største byen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Sjekk ut kva Sunnfjord kommune har å tilbyr.
Oppstart stilling: snarast/etter avtale.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Tittel
HR-rådgjevar
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson

Relaterte stillinger

FØRDE
5. januar 2025