Kulturskulelærar song i 20 % fast stilling
Time Kulturskule, Time kommune
Ola Barkveds veg 16, 4340 TIME
20. mai 2025
TK
Kulturskulelærar song i 20 % fast stilling
Time Kulturskule, Time kommune
BRYNE
20. mai 2025
Om stillingen
Time kulturskule skal tilsette songlærar i 20% fast delstilling. Arbeidsinnhald er undervisning av songelevar frå nybegynnarnivå til eldre elevar i vgs.-alder.
Me søkjer deg som ivrar for kunstfagleg opplæring og som vil vera del av lærarkollegiet i ein attraktiv, framtidsretta og aktiv kulturskule.
Time kulturskule har i dag 21 tilsette og om lag 740 aktive elevplassar.
Skulen tilbyr allsidig undervisning innan dei fem fagområda musikk, dans, drama, kunstfag og skapande skriving. Skulekorpsa i kommunen der del av musikkopplæringa. Nokre musikklærarar har del-stilling for kunstnarisk utøving med formidlingtilbod til institusjonar, barnehagar og grunnskule.
Kulturskulen sin base ligg sentralt og nært Bryne sentrum/Bryne togstasjon. Me har samlokalisering med Bryne skule om undervisningsrom og aula, og hovudvekta av den faste undervisninga skjer her. Det er i tillegg tilbod om noko desentralisert undervisning ute på krinsskulane i kommunen.
Me har nært samarbeid med lokalt kulturliv, grunnskule, barnehage og med kulturskulane i nabokommunane. Det er ei viktig målsetting å vera synlege i lokalsamfunnet og elevane skal læra, utøva og oppleva gjennom dei estetiske faga.
Time kulturskule arbeider etter rammeplan for kulturskulen "Kulturskule for alle" og lokale fagplanar. Undervinsingsplattformen har fokus på "eleven som glødande punkt" og Vurdering for læring. Me har eigen verdiplakat med fokus på "kunstnarisk kompetanse og kreativitet, engasjement, samarbeid, ansvar, trivsel og respekt".
Kulturskulen i Time har tidlegare hatt nasjonal status som Demonstrasjonskulturskule og arbeider i dag aktivt som eit etablert lokalt ressurssenter for kunst- og kultur, og etter visjonar for "Framtidas kulturskule".
Den nye songlæraren skal vera del av Time kulturskule sitt faste lærarkollegie og faglege fellesskap. Me ønskjer at du:
- behersker både klassisk tradisjon og populærmusikalsk/jazz/rytmisk genre i undervisningssamanheng
- kan undervise elevar i ulik alder og på ulikt nivå, frå yngre nybegynnarar til vidarekomne ungdommar på fordjupingsnivå
- kan undervise både enkeltvis og/eller i gruppe
- kan akkompagnere eigne elevar som støtte i undervisningssamanheng
- vera fleksibel til å kunne tilby supplerande undervisningsopplegg for vokalensemble og prosjektarbeid
- delta aktivt i kollegasamarbeid i kulturskulen sin vokalseksjon
- delta aktivt i kulturskulen sin personalgruppe
- undervise i samsvar med Rammeplan for kulturskulen - "Kulturskule for alle" og lokale fagplan
- arbeide for kvalitet, mangfald, inkludering og samhandling
- arbeide etter felles nedfelt visjon, målsetting og verdiplakat
Time kulturskule har eit høgt utdanna og dedikert personale. Det er ønskeleg at vår nye songlærar har følgjande kvalifikasjonar:
- Høgskule/universitetsutdanning i musikk med fagområde song/vokal på bachleor- eller masternivå m/integrert- eller tilleggsfag pedagogikk/metodikk/PPU
- God kompetanse som utøvar og musikkformidlar
- Har erfaring frå undervisning i kulturskule eller anna relevant undervisningspraksis
- Beherskar undervisning på ulike nivå, frå nybegynnarar til vidarekomne elevar og i tillegg gruppe/kor/ensemble
- God munnleg og skriftleg norskkompetanse minimum B1-nivå, eller eventuelt vilje til å ta norskopplæring
- Utdanning frå utlandet må vera HK-godkjend, Direktoratet for høgare utdanning (eller tidlegare NOKUT godkjenning)
Time kulturskule søkjer deg:
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Tittel
Kulturskulelærar Song fast deltid 20%
Oppstart
2025-08-01
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Deltid
Antall stillinger
1
Nysgjerrig på om du tjener rett?
Med Lønnas lønnskalkulator kan du enkelt sammenligne lønnsnivået ditt.

Relaterte stillinger

Kontaktperson
Kontaktperson