Lærarstillingar
Garnes ungdomsskule, Bergen kommune
Garnesstølen 63, 5264 BERGEN
6. april 2025
Om stillingen
Garnes ungdomsskule har ledig inntil 5 vikariat i 100% stilling og inntil 2 faste stillingar. Søkjarar må ha eit av faga norsk, matematikk eller engelsk i kombinasjon med eit praktisk fag (kroppsøving, mat og helse, kunst og handverk eller musikk). Ønskeleg med lærarar som kan tenkje seg spesialpedagogikk og alternativ opplæring for elevar som er lite motiverte for fag. I ei av stillingane er det behov for spansk i kombinasjon med norsk/engelsk/matematikk og eit praktisk fag.
Garnes ungdomsskule har nynorsk som hovudmål i opplæringa. Lærarar må meistre både bokmål og nynorsk skriftleg.
Skulen har ca. 450 elevar fordelt på 8., 9. og 10.trinn. I desember 2025 flyttar vi inn i ny skule med 3 heimeområde per trinn. Skular med heimeområde treng lærarar som kan samarbeide tett om undervisninga. i tillegg får skulen ei nyoppretta forsterket avdeling med 20 plassar.
Garnes ungdomsskule ligg fint til på Garnes, 8 minutt med buss frå Arna stasjon. Det er god kommunikasjon til og frå Garnes på dagtid.
Vi har eit triveleg arbeidsmiljø og eit nærmiljø med moglegheit for varierte aktivitetar. Skulen arbeider for eit trygt og godt læringsmiljø. Skulen sin visjon er "læring og trivsel for alle". Vi arbeider etter PALS-modellen. Vi har satsing på tilpassa undervisning i ein inkluderande skule. Det er ønskeleg med lærarar som legg opp til at elevane er aktive i eiga opplæring. Skulen er praksisskule for Høgskulen på Vestlandet. Det blir forventa at tilsette lærarar kan vere praksislærarar.
I faga norsk, engelsk og matematikk er det krav om 60 studiepoeng, i dei resterande faga er det krav om 30 studiepoeng.
Alle som vert tilsett må kunne vere kontaktlærar. Vi ønskjer lærarar med utdanning innan spesialpedagogikk kombinert med anna kompetanse som er beskrive i utlysninga.
Om bedriften
Tittel
Lærarar
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
7
Kontaktperson

Relaterte stillinger
GU
Lærarstillingar
Garnes ungdomsskule, Bergen kommune
GARNES
6. april 2025