Faste undervisningsstillingar
FIR - FIRDA VGS, Vestland fylkeskommune
Firdavegen 21, 6823 GLOPPEN
Over en måned siden
Om stillingen
Firda vidaregåande skule ligg i kommunesenteret Sandane i Gloppen kommune, sentralt i Nordfjord, ved E39 og 10 km frå flyplass. Skulen har 342 elevplassar og om lag 60 tilsette. Firda vidaregåande skule har dei studieførebuande utdanningsprogram musikk, dans, drama, idrett og studiespesialisering, i tillegg til vaksenopplæring. Skuleåret 2025/ 26 har vi helsefagarbeidarfaget for vaksne både som nettskule og gjennom Gloppenmodellen. Vi tilbyr også helseservicefag vg2 og tannhelsesekretær vg3, som nettskuletilbod.
Frå 01.08.2025 har vi ledig inntil 150 % fast undervisningsstilling.
Aktuelle fag for stillingane er norsk, historie, samfunnskunnskap, tysk, spansk og idrettsfag.
Det er aktuelt med undervisning i alle utdanningsprogramma våre, og i vaksenopplæringa. Storleiken på stillingane er avhengig av kva fagkombinasjonar aktuelle søkjarar har i forhold til skulen sine behov.
Meir informasjon om skulen finn du på nettsida, www.firda.vgs.no. Det blir teke atterhald om tilsetjing då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stillingane. Det blir òg teke atterhald i forhold til endringar i stillingsplanarbeidet og opplæringstilbodet ved skulen.
Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema. Gje opp minst to referansar. Tilsetjinga vert gjort med prøvetid på 6 månader.
Den tilsette må legge fram politiattest av ny dato.
Søknadsfrist 21.04.2025
Nærare opplysningar om stillingane får du ved å vende deg til assisterande rektor Magne Larsen, tlf 415 30 887 eller rektor Tove Hanne Ommedal, tlf. 930 93 933
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Tittel
Faste undervisningsstillingar
Oppstart
2025-08-01
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Deltid
Antall stillinger
2
Kontaktperson

Relaterte stillinger
Faste undervisningsstillingar
FIR - FIRDA VGS, Vestland fylkeskommune
SANDANE
Over en måned siden