Førsteamanuensis eller universitetslektor (20 % ekstraerverv) i rettsmedisin, Bergen/Stavanger.
Universitetet i Bergen
Jonas Lies vei 87, 5021 BERGEN
Tre uker siden
kr 303 - 387
Per time
kr 52 500 - 67 083
Per måned
kr 630 000 - 805 000
Per år
Oppsummert av KI
Rapporter feilOm stillingen
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen, er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis (20 % ekstraerverv) i medisin (rettsmedisin) ved Klinisk institutt 1. Stillinga er for fire (4) år frå 2026 etter nærare avtale. Stillinga er knytt til fast relevant hovudstilling som patolog (minimum 50 %) ved Haukeland Universitetssjukehus eller Stavanger Universitetssjukehus. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar som førsteamanuensis, er det aktuelt å tilsetje universitetslektor. Arbeidsstad er Bergen eller Stavanger.
Vi søkjer etter nye kollegaer som saman med tilsette ved institutta vil bidra til framifrå undervisning for medisinstudentane.
Førsteamanuensis:
Den som vert tilsett, skal undervise og rettleie studentar, og undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til undervisning av medisinstudentar. I tillegg skal den som vert tilsett i stillinga, drive forsking innan relevant fagområde.
Universitetslektor:
Den som vert tilsett, skal undervise og rettleie medisinstudentar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer.
For begge typar stillingar gjeld: Den som vert tilsett, skal undervise studentar i dei studieprogramma som til ei kvar tid pågår ved Fakultetet. Hovudansvaret vil være å koordinere og tilby likeverdig undervisning innan fagområdet rettsmedisin til dei fire studiestadane i medisinarutdanninga på Vestlandet (Bergen, Stavanger, Haugesund, Førde). Det kan og vere aktuelt på gje undervisning i relaterte emne og studieprogram.
Førsteamanuensis:
Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
Undervisningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga. Sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Førsteamanuensis som ikkje oppfyller kravet før tilsetjing vil få tilbod om og pliktar å gjennomføre pedagogisk opplæring. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.

Søknaden for førsteamanuensis skal ha med:
Søknaden for universitetslektor skal innehalde:
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å vende seg til instituttleiar ved Klinisk institutt 1 professor Christian Vedeler, christian.vedeler@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Tittel
FØRSTEAMANUENSIS ELLER UNIVERSITETSLEKTOR (EKSTRAERVERV) I MEDISIN (RETTSMEDISIN).
Oppstart
Type engasjement
Åremål
Sektor
Offentlig
Omfang
Deltid
Antall stillinger
1
Om stillingen

Rapporter feilTittel
FØRSTEAMANUENSIS ELLER UNIVERSITETSLEKTOR (EKSTRAERVERV) I MEDISIN (RETTSMEDISIN).
Oppstart
Type engasjement
Åremål
Sektor
Offentlig
Omfang
Deltid
Antall stillinger
1
Relaterte stillinger
UI

BERGEN
Tre uker siden