Lærar
Klepp kommune, Kleppelunden skule
Lunden 3, 4350 KLEPP
To uker siden
Om stillingen
Vi aukar i elevtal til hausten, og ein av våre dyktige lærarar skal i permisjon, og vi treng derfor to lærarar i 100% stilling frå 01.08.25. Det er i utgangspunktet vikariat, men om du har den utdanninga og kvalifikasjonane vi ser etter, kan du få fast lærarstilling.
Kleppelunden skule åpna i august 2024, og er ein flott skule som ligg i sentrum av Klepp. Skulen ligg svært fint til med turområdet Kleppeloen som næraste nabo. Dette området vert flittig brukt til uteskule. Vi har plass til 350 elevar, og er frå hausten 310 elevar frå 1.-7.trinn.
I Kleppskulen er kjernekomponentane den engasjerte eleven, profesjonelle læringsfellesskap og læreplanforståing.
På Kleppelunden skule er den engasjerte eleven eit utviklingsområde, og me skal arbeida saman i profesjonelt læringsfellesskap for at elevane skal få ein engasjerande, aktiv og lærerik kvardag. For å få til dette skal me mellom anna arbeide strukturert med Oracy, som handlar om å auka elevane sin kompetanse i å tenka, reflektera, kommunisera og forstå seg sjølv og andre, gjennom arbeid med språk.
Vi har flotte fasillitetar; mellom anna flott bibliotek, store og gode rom til kunst og handverk og sløyd, godt utstyrt musikkrom, god gymhall, fint personalrom og skaparverkstad med spennande utstyr. Godt utstyrte rom vil danna grunnlaget for å kunna arbeida kreativt med digitalisering og estetiske fag.
Me jobbar for å skape ein ny inkluderande og motiverande kultur der alle føler dei bidrar og er viktige for resultatet. Vi har flotte og flinke tilsette som kvar dag gjer sitt beste for elevane våre.
Om bedriften
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Tittel
Lærar
Oppstart
2025-08-08
Type engasjement
Vikariat
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
2
Kontaktperson

Relaterte stillinger
Lærar
Klepp kommune, Kleppelunden skule
KLEPPE
To uker siden