Kommunikasjonsrådgjevar
Kultur- og likestillingsdepartementet
Grubbegata 1, 0179 OSLO
5 dager siden
kr 276 - 413
Per time
kr 47 917 - 71 667
Per måned
kr 575 000 - 860 000
Per år
Oppsummert av KI
Rapporter feilOm stillingen
Kommunikasjonseininga i Kultur- og likestillingsdepartementet søkjer ny taleskrivar og kommunikasjonsrådgjevar.
Kultur- og likestillingsdepartementet er eit departement som er relativt lite, men som har breitt spenn med mange ulike fagområde som får stor offentleg merksemd. Kommunikasjonseininga handterer presse, sosiale medium, skriv talar og innlegg og har ansvar for at saker og vedtak i departementet blir kjende for befolkninga. Eininga gjev råd til fagavdelingane og den politiske leiinga i departementet. Hos oss vil du bli ein del av eit vitalt, hektisk og tverrfagleg fagmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar.
Arbeidet i eininga er prega av tett samarbeid, raus takhøgde og godt humør. I avdelinga er det fem rådgjevarar som er leia av kommunikasjonssjefen. Stillinga inngår i turnus med vakt kvar femte helg og medievakt ein dag i veka. Noko reising må påreknast. Stillinga er ledig frå 1. september.
Du må ha:
Det er ein fordel om du har:
Vi ser etter deg som:
Vi vil legge vekt på at du personleg høver til stillinga.
Vi bruker bakgrunnssjekk frå Semac i rekrutteringsprosessane våre, og godkjend bakgrunnssjekk er ein føresetnad for tilsetjinga.
Den som blir tilsett i stillinga, må kunne autoriserast for tilgang til informasjon som er gradert som BEGRENSET etter sikkerhetsloven.
Vi held til midt i Oslo sentrum og skal i 2026 flytte inn i det nye Regjeringskvartalet som er under oppføring.
Kvardagen i departementsfellesskapet er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver. Vi har eit omfattande og viktig samfunnsoppdrag, og hos oss får du høve til å vere med på å utvikle den statlege politikken og forvaltninga av våre politikkområde.
Kultur- og likestillingsdepartementet er del av eit departementsfellesskap som er miljøsertifisert, og vi jobbar aktivt og systematisk med berekraftsansvaret i sektorane våre.
Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.
Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen.
Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Dei som søkjer, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkjarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før ho blir offentleggjord.
Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med kommunikasjonssjef Simon Solholm Stjern på telefon 976 50 301.
Om bedriften
Kultur- og likestillingsdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, medium, idrett, frivillig verksemd, og og likestilling og diskriminering. Departementet har om lag 160 tilsette, for tida fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining.
Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringen.no.Tittel
Kommunikasjonsrådgiver
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson
Om stillingen

Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringen.no.kr 276 - 413
Per time
kr 47 917 - 71 667
Per måned
kr 575 000 - 860 000
Per år
Oppsummert av KI
Rapporter feilTittel
Kommunikasjonsrådgiver
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson
Relaterte stillinger
Kommunikasjonsrådgjevar
Kultur- og likestillingsdepartementet
OSLO
5 dager siden