Prorektor for nyskaping og regional utvikling
Høgskulen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 45, 5528 HAUGESUND
To måneder siden
Om stillingen
Høgskulen på Vestlandet har ledig åremålsstilling som prorektor for nyskaping og regional utvikling i perioden 01.08.2025-31.07.2029
Høgskulen på Vestlandet søkjer prorektor for nyskaping og regional utvikling i fireårig åremålsstilling med tiltreding 01.08.2025.
Vi ser etter ein inspirerande, samlande og framtidsretta leiar. Du har særs god forståing for nyskaping og teknologiutvikling som endringsdrivar, og god innsikt i vår regionale rolle. Du har nettverkskompetanse, dokumentert leiarerfaring og solid kunnskap om universitets- og høgskulesektoren.
Nyskaping og regional utvikling er berande element i Høgskulen på Vestlandet si verksemd og i vårt oppdrag. Prorektor har på vegne av rektor eit strategisk ansvar for å fremje nyskaping i utdanning, forsking, formidling og administrative prosessar. Prorektor har vidare eit særskilt ansvar for å styrke høgskulen sitt samspel med samfunns- og arbeidsliv på heile Vestlandet om utvikling av erfarings- og forskingsbasert kunnskap.
Prorektor har sitt mynde delegert frå rektor og er ein del av rektor si leiargruppe. Prorektor for nyskaping og regional utvikling sitt samla ansvar skal utøvast i tett samarbeid med fakulteta. Prorektor har medansvar for heilskaplege vurderingar for å realisere høgskulens strategi, målsetjingar og verdigrunnlag.
Du har ein sterk motivasjon for bidra i å vidareutvikle høgskulen som ein viktig regional, nasjonal og internasjonal kunnskapsaktør med høg kompetanse. Ditt leiarskap bidrar til at studentar og tilsette ved HVL har eit trygt, inkluderande og stimulerande fag- og arbeidsmiljø, med ein felles organisasjonskultur der demokrati og medverknad er ein viktig del av identiteten og styreforma.
Prorektor har følgjande arbeidsoppgåver og ansvar:
- Strategisk utvikling av nyskaping og ekstern posisjonering i HVL
- Eige og koordinere heilskapleg digitalisering og bruk av kunstig intelligens på tvers av tenesteområde
- Eige og vidareutvikle system og rammer for regional utvikling og samspel med samfunn- og arbeidsliv
- Eige og vidareutvikle arbeidet med å synleggjere HVL som ein vesentleg kunnskaps- og kompetanseaktør
- Eige og utvikle prosessar for utvikling av campus som arbeidsplass, studiestad og nyskapingsarena
- Ta del i og utvikle fruktbare samband mellom utdanning, forsking og nyskaping
Til stillinga som prorektor ligg også administrativt ansvar for personale, drift og utvikling innan eige funksjonsområde. Dette ansvaret omfattar god utnytting av ressursane og høg kvalitet på tenestene, og innsikt i dei krava som vert stilte til gode administrative tenester.
Prorektor for nyskaping og regional utvikling har det overordna leiaransvaret for dei fellesadministrative tenesteområda samfunns- og myndigheitskontakt, arrangementsstøtte, studentrekruttering/marknadsføring og kommunikasjon.
Prorektor kan få ansvars-/arbeidsoppgåver ut over det som står i utlysinga.
Det er forventa at prorektor for nyskaping og regional utvikling vil vere synleg ved alle våre campus. Det må påreknast ein del reiseverksemd.
Mynde
Mynde i stillinga er delegert frå rektor, og prorektor rapporterer til rektor.
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
- Relevant høgare utdanning og høg vitskapeleg kompetanse, helst på førstestillingsnivå
- Dokumentert kompetanse og erfaring innanfor stillinga sine ansvarsområde
- Leiarerfaring, dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling og resultat frå strategi og endringsarbeid blir vektlagt
Generelle kompetansekrav:
- Ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad
- God pedagogisk kompetanse, og god forståing for kunnskapsformidling og læreprosessar
- God innsikt i høgskulen sitt samfunnsoppdrag
- Erfaring frå, og solid kunnskap om, universitets- og høgskulesektoren
- Erfaring frå samfunns- og arbeidsliv, og kjennskap til politiske prosessar
- Erfaring med å utvikle og vedlikehalde relasjonar til ulike aktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt
- Solid kunnskap om digital teknologi og utvikling, samt god innsikt i og erfaring frå å forløyse potensialet i digitale løysingar
- Forståing for verdien av kontinuerleg arbeid med likestilling og mangfald
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk
Personlege eigenskapar:
- Gode leiareigenskapar
- Evne til strategisk heilskapleg perspektiv
- Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar
- Gjennomføringsevne og resultatorientering
- Løysings - og utviklingsorientering
- Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar
Arbeidsstad er ein av høgskulen sine campus i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal eller Stord.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som prorektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 0214. Løn etter avtale.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Inkludere, utfordre og samhandle
Om bedriften
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon omfattar felles administrasjon og forvaltning knytt til høgskulen sine forskings- og innovasjonsaktivitet samt internasjonaliseringsaktivitet. Avdelinga skal støtte opp under den faglege profilen til HVL og legge til rette for høgskulen sine satsingar innan våre ansvarsområde.
Tittel
Prorektor for nyskaping og regional utvikling
Oppstart
Type engasjement
Åremål
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson

Relaterte stillinger