NB
Har du tru på at alle menneske kan studere og få seg ein vanleg jobb?
Nav Bergen sentrum
BERGEN
26. februar 2025

Møllendalsveien 6, 5009 BERGEN
26. februar 2025
kr 260 - 294
Per time
kr 45 042 - 50 950
Per måned
kr 540 500 - 611 400
Per år
Oppsummert av KI
Rapporter feilOm stillingen
Blir du motivert av å jobbe med unge menneske? Har du tru på at alle menneske, trass i fysiske eller psykiske utfordringar kan studere eller få og behalde ein vanleg jobb? Ønsker du å gjere ein skilnad i eit særs viktig samfunnsområde og har du erfaring frå å jobbe med unge menneske mot arbeid og utdanning? Då er dette ein jobb for deg. Vi ber deg seie noko i søknaden din om kva som motiverer deg for denne stillinga, og skriv om du ønsker å jobbe inn mot FACT Ung, og/eller BUP.
IPS-ung er Individuell jobbstøtte (IPS) for unge menneske med større innsats både mot utdanning og arbeid. Det er ein metode for å følge opp unge personar med psykiske lidingar og samansette utfordringar som ønsker utdanning eller arbeid, og som har behov for koordinerte tenester inkludert behandling samstundes med hjelp av ein jobbspesialist. Målet er å legge til rette for at menneske med samansette utfordringar skal få og stå i ordinær utdanning og/eller løna arbeid.
Nav IPS Bergen søker no etter 3 jobbspesialistar som skal jobbe etter IPS-metodikk med innsats overfor for unge mellom 16 og 18 år. Stillingane vil inngå i eit nytt team, knytt til Klinikk psykisk helsevern for barn- og unge i Helse Bergen HF og FACT Ung. Det er 1 stilling knytt til FACT Ung og 2 stillingar knytt til BUP. Du blir formelt tilsett ved Nav Årstad, men får kontorplass der stillinga er knytt til. I praksis vil du bruke mykje tid ute i lokalmiljøet.
Ønsker du å vere med på å utvide IPS satsing mot barn og unge i Bergen?
Søk stilling hos oss, og du vil få jobbe i eit engasjert miljø med stor fagleg bredde og utviklingsfokus.
Arbeidsoppgåver
- Jobbe etter IPS-metodikk i tett samarbeid med deltakarar, behandlarteam, Nav og studiestader/arbeidsgjevarar
- Oppsøke utdanningsinstitusjonar og drive aktiv jobbutvikling hos bedrifter, skape dialog og bygge nettverk
- Vere ute i lokalmiljø og ha møte med deltakarar og studiestadar/arbeidsgjevarar (65% av arbeidstida)
- Følge opp eigen portefølje på 20 deltakarar og identifisere deira interesser, sterke sider, ferdigheiter og evne, samt matche desse med riktig utdanning/jobbar
- Rettleie jobbsøkarane i søkeprosessen
- Engasjere og motivere både jobbsøkar, studiestadar, arbeidsgjevarar, pårørande og andre personar i nettverket rundt deltakar
- Bidra med din kompetanse og entusiasme inn i jobbspesialistteamet og behandlarteamet
- Dokumentere arbeidet i fagsystem
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- høgare utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning
- erfaring med IPS eller god kjennskap til prinsippa i IPS (erfaring frå Supported Employment kan og vere aktuelt)
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Det er ønskeleg at du har:
- erfaring frå å jobbe med unge menneske mot arbeid og utdanning i målgruppa 16-18 år
- kunnskap om utdanningsmoglegheiter, samt lokal og regional arbeidsmarknad
- erfaring frå oppsøkande verksemd og nettverksbygging
- god rettleiingskompetanse eller erfaring med direkte kontakt med menneske i ulike livsfasar
- kunnskap om, eller erfaring frå arbeid med psykiske helseutfordringar
- førarkort klasse B
Vi ser etter deg som
- er god til å kommunisere med ulike menneske og som skaper gode og trygge relasjonar
- er god til å motivere og inspirere
- kan prioritere, har god oversikt over oppgåver og evne til å handtere uventa hendingar
- trivst med å bli følgd opp på kvalitet og resultat
- er sjølvgåande med evne til eigenmotivasjon
Vi tilbyr
- Moglegheit til å gjere ein forskjell i ein organisasjon med eit særs viktig samfunnsoppdrag
- Ein spennande jobb i eit innovativt arbeidsmiljø, prega av kompetanse og marknadsorientert innstilling
- Opplæring, kurs og kompetanseheving
- God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå løna vert det trekt 2%)
- Stillingskode 1434 Rådgjevar i lønnsspenn frå kr. 540 500 til kr. 611 400,- per år. For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
- Fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida
Kontaktinformasjon
Aina Merete Steinsland, Avdelingsleiar IPS Region Bergen, 913 64 345, aina.merete.steinsland@nav.noArbeidsstad
Møllendalsveien 65009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAVReferansenr.: 4924641148
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.03.2025
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Tittel
IPS-ung jobbspesialist region Bergen
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
3
Kontaktperson
Sjekk lønna di!
Om stillingen

Rapporter feilTittel
IPS-ung jobbspesialist region Bergen
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
3
Kontaktperson
Sjekk lønna di!
Relaterte stillinger