Sommarvikarar til sjukehusapoteket i Stavanger
Sjukehusapoteket i Stavanger, Sjukehusapoteka Vest
Gerd-Ragna Bloch Thorsens gate 8, 4011 STAVANGER
26. januar 2025
Om stillingen
Kan du tenkje deg ein sommar med verdifull erfaring, lønn og sjansen til å bli kjent med farmasien på ein litt annleis måte?
Er du farmasistudent, apotekteknikarelev eller har annan relevant bakgrunn, har du no mogelegheit til å anvende kunnskapen din i praksis, samtidig som du utviklar dine ferdigheiter saman med erfarne kollegaer i eit stimulerande fagmiljø.
Kven er vi?
I Sjukehusapoteka Vest (SAV) jobbar det totalt rundt 350 medarbeidarar, fordelt på fem sjukehusapotek og ein sentraladministrasjon i Bergen. Alle saman bidrar til at pasientar over heile Vestlandet kvar dag får legemidla dei treng på ein trygg og riktig måte
Her på sjukehusapoteket i Stavanger er vi cirka 90 medarbeidarar. Vi er ein fin miks av apotekteknikarar, farmasøytar og anna helsepersonell, fordelt på fire ulike avdelingar som arbeider godt og tett saman.
I sommar har vil ledige stillingar for sommarvikarar i produksjonsavdelinga, sjukehusekspedisjonen og publikumsavdelinga. I produksjonsavdelinga lagar vi spesialtilpassa legemiddel til pasientar, i sjukehusekspedisjon sørger vi for at alle avdelingane på sjukehusa i Helse Stavanger får legemidla dei treng, i publikumsutsalet gir vi råd og vegleiing om legemiddelbruk, og besøkande kan kjøpe legemiddel på eller utan resept
Når i sommar?
Vi ser etter deg som kan arbeide hos oss i perioden 16. juni til 10. august. Du må gjerne jobbe heile denne perioden, iallfall minst fem-seks veker. Fire av vekene må også vere samanhengande. Difor er det kjempefint om du kan skrive i søknaden kva veker du kan tenkje deg å jobbe.
Ta gjerne kontakt om du lurer på noko om arbeidsoppgåver i avdelinga eller har andre spørsmål!
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om bedriften
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv fem sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
Tittel
Sommarvikarar til sjukehusapoteket i Stavanger
Oppstart
Type engasjement
Vikariat
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
12
Kontaktperson

Relaterte stillinger
SI

STAVANGER
26. januar 2025