lærarstilling
Undheim skule, Time kommune
Bjønnholen 10, 4342 TIME
Over en måned siden
Om stillingen
Undheim skule søker etter ny kontaktlærar på småtrinn. Er du vår nye lærar?
Undheim skule er ein 1.-7. skule som ligg idyllisk til i sentrum av den "Grøna bygdå" Undheim. Her har ein utsikt over det vakre jærlandskapet og Knudaheio. Skulen vår har omlag 100 elevar og ca. 17 tilsette. Visjonen vår er "Mot til å meina, lyst til å læra"
Utviklingsområda våre er lesing, skriving og elevmedverknad. leiinga ved skulen består av rektor, avdelingsleiar og SFO leiar. Undheim skule har eit stort og oppgradert uteområde, som byr på mange mogelegheitar både i undervisning, uteskule og leik. Undheim skule arbeider for eit trygt og godt skulemiljø for alle elevane og er sertifisert Olweusskule.
Skulen har eit godt arbeidsmiljø med faglege, engasjerte og dyktige tilsette.
Grunna tidsfristar vil søknader verta behandla fortløpande etterkvart som dei kjem inn
Bidra til å arbeide for eit godt skule-heim-samarbeid, kor det er skulen som har profesjonsansvaret
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Tittel
lærarstilling
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson

Relaterte stillinger
lærarstilling
Undheim skule, Time kommune
UNDHEIM
Over en måned siden