Friluftslivlærar på Sunnmøre
Stiftelsen Sunnmøre Folkehøgskule
Varleitevegen 7, 6065 ULSTEIN
To uker siden
Om stillingen
Sunnmøre Folkehøgskule har endeleg ledig stilling som friluftslivlærar på linja SjøSnøSurf. Er du glad i folk, sjø og friluftsliv er dette draumejobben! Frå 1.august 2025 har vi ledig 100 % engasjementstilling med høve til forlenging og fast stilling.
Vi søkjer ein person med brei og heilskapleg tilnærming til friluftsliv med hovudvekt på sjøaktivitetar. Sidan linja har mange dagar med surfing på Stad i tillegg til surfing i utlandet, er det ein fordel om søkjar har god kunnskap og erfaring på dette området. Andre sentrale fagområde vil vere båtliv, ski og skred.
Vi ynskjer søkjarar som kan gi ny kunnskap, metodesett og fagleg tilnærming inn i vårt erfarne kollegium, og oppfordrar difor nyutdanna til å søkje.
Søkjar må ha (eller får tilbod om å ta) minibusslappen, og erfaring med båt er ein fordel.
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing og at søkjaren har kjennskap til KFUK-KFUM og identifiserer seg med skulen sitt kristne verdigrunnlag. Ved tilsetting må det leggast fram politiattest.
Linja SjøSnøSurf er ei godt etablert linje ved skulen. Linja utforskar friluftsliv gjennom t.d. surfing, fridykking, båtliv, kajakk, RIB-turar, toppturar på ski og til fots i bratte Sunnmørsalpar, i tillegg til enkelt friluftsliv med lavvo, bål og sovepose. Les meir om linja her: https://www.sunnmore.fhs.no/linjer/sjosnosurf/
Som lærar på SjøSnøSurf vil ein ha linjelærar-funksjon med oppfølging av elevar. I tillegg til arbeidet på linja, går ein inn i eit arbeidsfellesskap med ansvar for fellesfag, valfag og sosialpedagogisk arbeid. Det er difor interessant å vite om søkjar også har andre interesser eller områder ein kan tenkje seg å undervise i eller jobbe med.
Vi tilbyr lønns- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaler, og har gode pensjonsordningar.
Om bedriften
Sunnmøre Folkehøgskule ligg i Ulsteinvik og er ein skule med rundt 110 elevar over 18 år.
Skulen er eigd av Norges KFUK-KFUM og har om lag 25 tilsette.
I tillegg til vanleg folkehøgskuledrift, driv skulen med kurs og konferansar, catering og sommardrift.
Tittel
Folkehøyskolelærer
Oppstart
2025-08-01
Type engasjement
Engasjement
Sektor
Privat
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson

Relaterte stillinger
Friluftslivlærar på Sunnmøre
Stiftelsen Sunnmøre Folkehøgskule
ULSTEINVIK
To uker siden