Klinisk ernæringsfysiolog
Helse Bergen HF,
Haukelandsveien 22, 5021 BERGEN
25. november 2025
Om stillingen
Fast stilling og vikariat som klinisk ernæringsfysiolog.
Seksjon for klinisk ernæring (SKE) ved Haukeland universitetssjukehus søker tre engasjerte og fagleg sterke kliniske ernæringsfysiologar til fast stilling og ledige vikariat. Dette er ein unik moglegheit til å bli ein del av eit stort og fagleg sterkt ernæringsmiljø i stadig utvikling.
SKE er ei eining i Medisinsk klinikk og har 16 stillingsheimlar for kliniske ernæringsfysiologar. Seksjonen er ei intern teneste som mottek tilvisingar frå heile sjukehuset, og tilbyr både inneliggande og poliklinisk ernæringsbehandling av vaksne og barn. Vårt samfunnsoppdrag er å vareta behandling, opplæring og undervising, samt forsking og utvikling innan ernæring. SKE har også ansvar for Mage-tarmskulen, eit nasjonalt digitalt behandlingstilbod for pasientar med irritabel tarmsyndrom.
Den faste stillinga og vikariata er 100% stillingar med oppstart frå februar/mars 2026. Den faste stillinga er knytt til vaksenseksjonen. Eit av vikariata vil inkludere 50% arbeid ved barneseksjonen.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil fordelast etter kompetanse og behov, og kan inkludere:
- Ernæringsutgreiing og -behandling av tilviste pasientar
- Undervisning og rettleiing av pasientar og pårørande
- Utdanning av studentar og anna helsepersonell
- Rettleiing og behandling av pasientar i Mage-tarmskulen
- Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper
- Bidrag til utvikling og kontinuerleg forbetring av ernæringsarbeidet
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog
- Erfaring frå sjukehus eller spesialisthelsetenesta er ein føresetnad for den faste stilling og vil bli vektlagt for vikariata
- Interesse og erfaring frå fagområdet gastro
- Interesse og erfaring frå arbeid med barn og pårørande (50 % vikariat barneseksjonen)
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg er ein føresetnad
- Kjennskap til DIPS Arena og MEONA er ein fordel
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- er sjølvstendig, strukturert og fagleg engasjert
- har god forståing for prioritering og tidsbruk, og evnar å fordele innsatsen slik at ulike arbeidsoppgåver blir løyst innanfor rimelege tidsrammer
- har gode samarbeidsevner og trivst i pasientkontakt
- er løysingsorientert og omstillingsvillig
- ønskjer å bidra til utvikling av ernæringstenester i spesialisthelsetenesta
- bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Eit sterkt og inkluderande fagmiljø
- Varierte og utviklande arbeidsoppgåver
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Aktivt bedriftsidrettslag og godt sosialt miljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Linn Anja Slåke Vikøren, Seksjonsleiar, 98298303, linn.anja.slake.vikoren@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5046529756
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.03.2026
Sluttdato: 01.11.2026
Søknadsfrist: 30.12.2025
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Tittel
Klinisk ernæringsfysiolog
Oppstart
2026-03-01
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
3
Kontaktperson
Sjekk lønna di!

Relaterte stillinger