Førsteamanuensis ( 20 % ekstraerverv) i medisin (gynekologi/ obstetrikk, Vestlandslegen)
Universitetet i Bergen
Haukelandsveien 28, 5009 BERGEN
En uke siden
kr 365 - 387
Per time
kr 63 333 - 67 083
Per måned
kr 760 000 - 805 000
Per år
Oppsummert av KI
Rapporter feilOm stillingen
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis (20 % ekstraerverv «bistilling») i gynekologi og obstetrikk i 4 (fire) år. Stillinga er knytt til fast hovudstilling (minimum 50 %) som overlege i gynekologi og obstetrikk ved Stavanger Universitetssjukehus. Arbeidsstad er ved Klinisk institutt 2 campus Stavanger. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet.
Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til undervisning i gynekologi og obstetrikk, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.
Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse,(cand.med., spesialist i gynekologi og obstetrikk), og fyller krav til utdanningsfagleg kompetanse. Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil bli særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar blir vektlagde ved vurderinga.
Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å venda seg til undervisningsleiar ved K2, professor Camilla Tøndel, camilla.tondel@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Tittel
Førsteamanuensis ( 20 % ekstraerverv) i medisin, Vestlandslegen
Oppstart
Type engasjement
Åremål
Sektor
Offentlig
Omfang
Deltid
Antall stillinger
1
Om stillingen

Rapporter feilTittel
Førsteamanuensis ( 20 % ekstraerverv) i medisin, Vestlandslegen
Oppstart
Type engasjement
Åremål
Sektor
Offentlig
Omfang
Deltid
Antall stillinger
1
Relaterte stillinger

BERGEN
En uke siden