Rådgivar/Seniorrådgivar – samfunnstryggleik og beredskap
Om deg og stillinga
Den tryggingspolitiske situasjonen i verda har endra seg mykje dei siste åra. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har ei sentral rolle i utviklinga av totalforsvaret i fylket. Dette arbeidet gjer vi i nært samarbeid med kommunar, regionale styresmakter og nasjonale myndigheiter.
Vi søkjer no ein person som skal jobbe med tryggingsleiing, regional samordning og kommunal beredskap.Samfunnstryggleik og beredskap er eit fagfelt i utvikling, og som stadig blir meir aktuelt. Du må difor vere endringsvillig og kunne inngå i eit arbeidsfellesskap der både oppgåver og arbeidsmetodar er i endring.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
- Tryggingsadministrasjon i tråd med tryggingslova.
- Beredskapsplanlegging i samarbeid med nasjonale og regionale myndigheiter og kommunane, med særleg vekt på sivil-militært samarbeid.
- Oppfølging av risiko- og sårbarheitsanalyse for Møre og Romsdal (Fylkes-ROS) på regionalt nivå.
- Planlegging og gjennomføring av øvingar.
- Rettleie kommunane i kommunal beredskapsplikt og totalforsvar.
- Handsame saker innan samfunnstryggleik i plan- og byggjesaker.
- Evaluering og erfaringslæring etter øvingar og reelle hendingar.
- Stillinga vil vere ein del av beredskapsteamet vårt, og det må reknast med oppgåver innan heile spekteret av beredskapsarbeidet vårt. Det krev difor fleksibilitet
Du vil vere ein del av kriseorganisasjonen til Statsforvaltaren, og ved behov inngå i ei vaktordning.Noko reiseverksemd må påreknast.
Kvalifikasjonar
- Du må ha mastergrad innan relevant fagområde. (Bachelornivå kan godkjennast dersom du kan vise til relevant og lang erfaring innan samfunnstryggleik og beredskap.)
Personlege eigenskapar
Vi legg vekt på at du har:
- evne til å lytte og samarbeide.
- evne til tenkje strategisk og vere analytisk.
- evne til å setje deg inn i nye problemstillingar og vise handlekraft i krevjande situasjonar.
- evne til å intiere og gjennomføre prosjekt og prosessar.
- gode formidlings- og kommunikasjonsevner skriftleg, munnleg og digitalt.
- evne til å vere ein sterk lagspelar, som og kan arbeide effektivt og sjølvstendig.
Det er ein fordel om du har:- erfaring frå arbeid med samfunnstryggleik og beredskapsarbeid.
- erfaring frå totalforsvarsplanlegging.
- god kjennskap til offentleg forvaltning.
- erfaring med prosjekt- og/eller prosessleiing.
- Førarkort minimum klasse B, men det er ikkje eit absolutt krav.
Det vert stilt krav om at du kan
sikkerheitsklarerast og autoriserast til nivå HEMMELEG før tilsetjing. Meir informasjon om sikkerheitsklarering finn du hos
Nasjonal sikkerheitsmyndigheit.
Hos får du
- ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid
- ein utforrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø
- løn som rådgivar (kode 1434) eller seniorrådgivar (kode 1364) med lønsspenn frå kr.550.000,- til kr.800.000,-. Lønsplassering ut frå kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgivar har større ansvar og særskilte krav til kompetanse innan fagområdet.
- tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid
- medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosent av løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- og forsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad (https://spk.no/Medlemskap-i-SPK)
- moglegheit for noko heimekontor når det er føremålsteneleg
- høve til å trene i arbeidstida
Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (
https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise)
Utviklinga av organisasjonen vår er i kontinuerleg utvikling. Den som vert tilsett må difor vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.
Mangfald
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (
https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling).
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.
Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og arbeidserfaring i kandidatprofilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er nødvendig for at vi skal kunne vurdere søknadar frå deg og for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.
Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter kan du gjerne hente frå vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.
Om oss
Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Gunnhild Anett Naas på telefon (Norge +47) 99702229.
Søknadsfrist: 09.08.2026