Barnehagelærarstillingar barnehageåret 2025/2026
Ørsta kommune
Dalevegen 6, 6153 ØRSTA
30. januar 2025
Om stillingen
I Ørsta kommune kan det, frå 01.08.25, verte ledige stillingar som barnehagelærar. Det kan vere både faste stillingar og vikariat.
Behovet for barnehagelærarar vil vere avhengig av tal på permisjonar, overføringar, oppseiingar og ressurstildelingar.
Frå 01.08.2025 har Ørsta kommune 6 kommunale barnehagar som er organisatorisk plassert i kommunalområdet Oppvekst, kultur og inkludering.
Barnehagane i Ørsta arbeider ut frå tanken om at borna skal vere i sentrum, og at born er verdifulle, kompetente og sosiale, og har ut frå desse stikkorda utarbeidd felles standard for barnehagane. Dei tilsette arbeider for at borna skal få oppleve eit inkluderande miljø med venskap, omsorg, leik og læring.Ørsta kommune arbeider for å utvikle ein aktiv heiltidskultur og ynskjer så mange som mogleg tilsette i heiltidsstillingar. Fordelane ved flest mogleg tilsette i heile stillingar er store, først og fremst for borna i barnehagane våre, men også for den tilsette sjølv, arbeidsmiljøet og for arbeidsgjevar. Vi vil difor så langt som råd legge til rette for at ein blir tilsett i heile stillingar.
Stillingane er plassert i kap. 4 gr. 2.
Lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetjing.
Referansar vert nytta, og søkjarane kan verte kalla inn til gruppeintervju og individuelle intervju.
Personlege eigenskapar vert vektlagde i ei heilskapleg vurdering av søkjarane.
Prøvetid i faste stillingar og årsvikariat er 6 månader.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din.
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller andre faktorar knytt til lover og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. Jf. AML §14.2
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Om bedriften
Ørsta
kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Tittel
Barnehagelærarstillingar barnehageåret 2025/2026
Oppstart
Type engasjement
Vikariat
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson

Relaterte stillinger

ØRSTA
30. januar 2025