Professor eller førsteamanuensis (20 % ekstraerverv) i medisinsk og helsefaglig pedagogikk
Universitetet i Bergen
Haukelandsveien 28, 5009 BERGEN
1. april 2025
kr 358 - 457
Per time
kr 62 083 - 79 167
Per måned
kr 745 000 - 950 000
Per år
Oppsummert av KI
Rapporter feilOm stillingen
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=vtJLmcUJ3-wVed Det medisinske fakultet, Eining for læring, er det ledig inntil ei åremålsstilling som professor eller førsteamanuensis (20 %, ekstraverv) innan fagfeltet medisinskog helsefagleg pedagogikk, i 3 år frå tilsetjing. Stillinga er knytt til fast hovudstilling (min. 50 %) ved et helseføretak eller i primærhelsetenesta. Arbeidsstad er ved Eining for læring i Bergen.
Eining for læring er ei fagleg eining med vitskapleg tilsette som har oppgåver knytt til utdanningsfagleg kompetanseheving av anna vitskapeleg personell ved fakultetet samt forsking innanfor det medisinsk-pedagogiske fagfeltet. Eininga har no 3,4 årsverk fordelt på 4 tilsette i faste og mellombelse stillingar.
Stillingsinnehavaren i den utlyste stillinga skal inngå i Eining for læring sitt team og vil ha arbeidsoppgåver knytt til eininga sitt mandat. Hovudoppgåva for stillinga er forsking, undervising og formidling innan medisinsk pedagogikk. Den som vert tilsett vil bli knytt til forskargruppa Medical Education Research Group ved fakultetet.
Vi søkjer ein medarbeidar som saman med tilsette ved eininga og fakultetet vil bidra til framifrå forsking og undervising. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren. Uttak av arbeidstid må avklarast med fakultetet og hovudarbeidsgjevar før tilsetjing.
Den som vert tilsett skal initiere, leie og bidra i forskingsprosjekt, undervise det vitskapelege personalet og rettleie studentar og stipendiatar, ta del i strategisk arbeid for å styrke utdanningskvaliteten ved fakultetet sine studieprogram samt og ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er knytt til Eining for læring si emneportefølje, og til utvikling av denne. Den som vert tilsett i stillinga vil få eit særleg ansvar for å følgje opp utviklinga av Vestlandslegen. Reiseverksemd må påreknast for å nå tilsette med arbeidsplass ulike plasser i regionen.
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte Visedekan for utdanning Marit Øilo, epost: marit.oilo@uib.no eller telefon: +47 55586638.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Tittel
Professor eller førsteamanuensis (20 % ekstraerverv) i medisinsk og helsefaglig pedagogikk
Oppstart
Type engasjement
Åremål
Sektor
Offentlig
Omfang
Deltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson
Om stillingen

Rapporter feilTittel
Professor eller førsteamanuensis (20 % ekstraerverv) i medisinsk og helsefaglig pedagogikk
Oppstart
Type engasjement
Åremål
Sektor
Offentlig
Omfang
Deltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson
Relaterte stillinger

BERGEN
1. april 2025