Bilmekanikar/ teknikar
Skogen Bil AS
VÅGÅ, 2680 VÅGÅ
To måneder siden
Om stillingen
Med bakgrunn i at ein av våre tilsette nå blir pensjonist og litt intern omrokkering søkjer vi
Bilmekanikar/teknikar til verkstaden vår i Vågå
Du må ha godt humør, god arbeidskapasitet og ha kunden i fokus. Som bilmekanikar/teknikar hjå oss vil du få utfordrande oppgåver med service og reparasjonar av mange slag. Vi er merkeverkstad for Citroën, Kia og KGM, men har arbeid på bilar av alle merke. Vi søkjer deg som har fagbrev som bilmekanikar/bilteknikar og har nokre års erfaring frå yrket. Vi vektlegg god kompetanse innan bilelektro og hybridteknikk og er du godkjend som PKK-kontrollør får du ei ekstra stjerne. Er du rett person for jobben er det høgaktuelt med vidare utdanning og sertifiseringar. Du blir ein del av ein flott gjeng i eit godt, travelt og fleksibelt arbeidsmiljø. Vi held til i ei kommune som er rik både på kultur- og naturopplevingar om du vil.
Ring gjerne for ein uformell prat, eller send oss ein søknad på epost eller via "søk på stilling" knappen på denne siden med litt info om kven du er, så tek vi evt. kontakt.
Kontaktperson: Dagleg leiar Ola K. Skogen, tlf 911 82 273, ola@skogenbil.no
Søknadsfrist: 15. juni 2025
Om bedriften
Skogen Bil AS er einaste forhandlar for Citroën og Kia i Gudbrandsdalen, nord for Lillehammer, samt ny forhandlar for KGM i heile regionen. Vi sel også mange bruktbilar i løpet av eit år og har ein moderne verkstad der vi utfører service og reparasjonar på alle merker og biltyper. Verkstaden, bilhallar og hovudkontor ligg i Vågå, og vi har eige salskontor og bilutleigeavdeling på Otta.
Firmaet har røter attende til 1989 da det vart etablert verkstad på tomta i Vågå, medan firmanamnet kom til i 2001. Vi vart sertifisert som Miljøfyrtårn i 2022 og har alltid fokus på at våre kundar og vårt nærområde skal trivast i lag med oss. Som sjølvstendig bedrift i ei bransje som stadig blir meir prega av større aktørar og kjeder, er det ekstra artig å hevde seg både på salsstatistikkar og å få prisar for god handtering av kundar.
Tittel
Bilmekanikar/ teknikar
Oppstart
Type engasjement
Annet
Sektor
Privat
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson

Relaterte stillinger
SB
Bilmekanikar/ teknikar
Skogen Bil AS
VÅGÅ
To måneder siden