Instituttleiar ved Institutt for informatikk - åremålsstilling
University of Bergen
Thormøhlensgate 55, 5006 BERGEN
1. januar 2025
Om stillingen
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=vtJLmcUJ3-wVed Fakultet for naturvitskap og teknologi, Institutt for informatikk er det frå 1. august 2025 ledig åremålsstilling som instituttleiar for fire år, med moglegheit for tilsetjing i ny åremålsperiode etter utlysing. Vi søkjer ein engasjert leiar som kan vidareutvikle og leie den totale aktiviteten ved instituttet innan forsking, utdanning, innovasjon og formidling. Instituttleiaren inngår i fakultetet si leiargruppe.
Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom åtte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon, visualisering og didaktikk. Våre sentre Center for Data Science (CEDAS), Computational Biology Unit og Energy Informatics Lab er viktige utvidingar av aktivitetane våre innan forsking og utdanning. Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. Den sentrale rolla informatikk spelar i samfunnet gjer at instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 1000 studentar og 150 tilsette frå meir enn 35 land, deriblant 37 førsteamanuensar og professorar og 50 stipendiatar.
Instituttleiar har overordna ansvar for den faglege og administrative verksemda ved instituttet, inkludert resultatansvar for forsking, utdanning, formidling og innovasjon samt overordna personal-, HMS- og budsjettansvar. Instituttleiar leder instituttet innanfor de rammer og retningsliner som til en kvar tid er gitt. Instituttleiar si viktigaste oppgåve er å utvikle instituttet i tråd med hovudmålet, synleggjere den viktige rolla datavitskapleg forsking og utdanning har i samfunnet og posisjonere informatikk ved institusjonen slik at Universitetet i Bergen styrker si rolle i fagområdet både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Som del av dette, er det ei viktig oppgåve for instituttleiar å stimulere til auka ekstern forskingsfinansiering ved instituttet. Instituttleiar rapporterer til dekan og inngår i fakultetet si leiargruppe og leiar instituttrådet.
Vi søkjer ein instituttleiar som
Det vert stilt ressursar til rådvelde for at instituttleiaren kan oppretthalde eigen forskingsaktivitet.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til dekan Gunn Mangerud, telefon +47 975 57 137 / e-post gunn.mangerud@uib.no, eller fakultetsdirektør Elisabeth Müller Lysebo, telefon +47 975 57 135 / e-post elisabeth.lysebo@uib.no.
Alle spørsmål vert handsama konfidensielt.
Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga. Ved utløpet av kvar åremålsperiode skal stillinga kunngjerast offentleg. Ingen kan tilsetjast samanhengande i same stilling i meir enn to åremålsperiodar.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegg kjønnsbalanse og mangfald i leiargruppene. Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
The University of Bergen is a renowned educational and research institution, organised into seven faculties and approximately 54 institutes and academic centres. Campus is located in the centre of Bergen with university areas at Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien and Årstad.
There are three departments at Faculty of Fine Art, Music and Design. Read more about the faculty and departments.
Tittel
Instituttleiar ved Institutt for informatikk - åremålsstilling
Oppstart
Type engasjement
Åremål
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson

Relaterte stillinger
UO

BERGEN
1. januar 2025