Fast 100 % stilling som miljøterapeut
Kasa ungdomssenter, avd. Hop, Bufetat
Solheimsgaten 11, 5058 BERGEN
3 dager siden
kr 236 - 296
Per time
kr 40 833 - 51 250
Per måned
kr 490 000 - 615 000
Per år
Oppsummert av KI
Rapporter feilOm stillingen
Ein god barndom varar livet ut.
I Bufetat er vi stolte over det arbeidet vi gjer for å gje barn og unge ein god barndom som varar livet ut. Vi ligg i front internasjonalt innafor våre fagfelt når det kjem til kunnskapsbasert praksis, der vi både bidreg til og praktiserar den aller siste forskinga.
Hos oss møtar du ein arbeidskultur prega av åpenheit og nytenking. Vi ser etter deg som er nysgjerrig og ikkje låsar deg til bestemte løysingar på utfordringane i jobben. For å kunne gje alle våre barn og unge god og tilpassa omsorg, ønsker vi derfor å rekruttere medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.
Vi ser etter miljøterapeut med stort engasjement for ungdom.
KASA ungdomssenter har lik kjønnsbalanse mellom kvinner og menn. Dette kan vere avgjerande ved val av kandidatar til intervju ettersom personalsamansetninga er viktig. Vi oppmodar menn til å søke.
Kasa Hop vil frå hausten 2025 inngå i eit nyoppretta senter i Bufetat region vest saman med KASA Sandsli, Eikelund ungdomssenter og Skjoldvegen barnevernsenter, avd. Skjold. Senteret er ein del av ei nasjonal pilotsatsing og byggjer mellom anna på tilrådingane i NOU 2023:24 Med barnet heile vegen.
Sentermodellen vil bestå av fire ulike institusjonar innanfor eit avgrensa geografisk område som utgjer ei større eining. Målsetjinga er at barna skal få tverrfagleg støtte gjennom heile opphaldet hos oss, større stabilitet i butilbodet, redusera uønskte flyttingar og skapa ein tryggare og betre kvardag for ungdommane som bur i senteret. Senteret vil bruka kompetansen til tilsette fleksibelt i forhold til avdelingane på senteret og det samla behovet til barna.
Kasa Hop er eit statleg omsorgstiltak for barn og unge i alderen 13 - 18 år. Kasa skal gjennom traumebevisst omsorg etablera profesjonelle omsorgsrammar som legg til rette for endring og utvikling for ungdommane som bur i våre avdelingar.Vi ser etter deg som har eit stort engasjement og hjarte for ungdom som treng trygge og dyktige miljøterapeutar rundt seg for at dei skal få eit godt liv som vaksen.
Ved Kasa ungdomssenter har vi 1 ledig 100 % stilling som miljøterapeut, for tida ved avdeling Hop. Stillinga er ledig frå snarast. Vi søker etter engasjerte og trygge vaksne som kan ivareta ungdomane. Hovudansvaret vil vere å bidra til å skapa ein trygg kvardag for ungdommane.
Kasa Hop nyttar seg av Målstyrt Miljøterapi som metode i arbeidet med ungdomane.
Kasa har for tida langturnus (2-7, 2-7, 3-7). Det må påreknas turnusendringar.
Søknadar vil bli fortløpande behandla, og aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Søkarar som ikkje har kvalifikasjonar i tråd med krav, vil ikkje bli vurdert.
Krav
Ønskelege kvalifikasjonar:
Vi ser etter deg som:
Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagde.
Opplysningar til deg som søker:
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
Tittel
Fast 100 % stilling som miljøterapeut
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson
Om stillingen

Rapporter feilTittel
Fast 100 % stilling som miljøterapeut
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson
Relaterte stillinger
Fast 100 % stilling som miljøterapeut
Kasa ungdomssenter, avd. Hop, Bufetat
BERGEN
3 dager siden